• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4149929
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar/helsefagarbeidar nattevakt - 60% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er ledig 60 % fast stilling på natt for helsefagarbeidar / sjukepleiar. Stillinga er knytta opp mot ein brukar som har heildøgnsteneste frå heimetenesta, og som har eit fast team rundt seg. Stillinga inneber jobb i snitt kvar 3. helg. 

Om Heimetenesta

Avdeling Knarvik nordaust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Me er ei avdeling som er i stadig vekst, me har eit stort geografisk område med eit aukande antall brukarar i alle aldrar som treng hjelp.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ønskt kompetanse

  • Du er inspirerande og engasjert
  • Du kan prioritera i ein travel kvardag
  • Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan skapa arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • Du er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel
  • Du er lojal, og trygg i yrkesutøvinga
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, samt i team
  • Du må ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Erfaring frå team og personlege eigenskapar vil verte vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Humor og humør
  • Fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • God pensjonsordning
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse -og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4149929
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.10.2021