• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3412033
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 15.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 80 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 2 faste stillingar på 80 % som sjukepleiar frå 01.03.2021 og 01.05.2021. Stillingane inneber jobb i snitt kvar 3. helg i todelt turnus. Dersom internt opprykk kan det verte ledig anna stilling.

Om Knarvik Nord/Aust

Avdeling Knarvik Nord/Aust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling som er i stadig vekst, og har eit stort geografisk område med eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp.

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.  

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B

Ønskt kompetanse

  • Du er insiprerande og engasjert
  • Du kan prioritere i ein travel kvardag
  • Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • Du kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • Du er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel
  • Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, samt i team
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og v arierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør 

Politiattest

 I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3412033
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 15.02.2021