• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    20.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4138037
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 06.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar- 60% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 2 faste nattevaktstillingar på 60% med arbeid kvar 3. helg. 

Om Nordhordland Legevakt

Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Den interkommunale øyeblikkelig hjelp døgneininga (ØHD) er organisert under legevakta. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus.

Arbeidsoppgåver

  • Legevakt - handtere pasientar som er i akutt fase og trenger hjelp her og no
  • Legevaktsentral - tlf. rådgiving og prioritering av pasientar ved hjelp av medisinske verktøy
  • Laboratorie - prøvetaking
  • Sengepost- behandling i kortare tidsrom av pasientar med ulike avklarte diagnosar

Kompetansekrav

  • Du er autorisert sjukepleiar
  • Du har minimum 2 års erfaring

Er du medisinstudent og har fullført 3. året kan du og søke.

Ønskt kompetanse

Det er ein fordel om du har relevant vidareutdanning for legevakt. Kjennskap til journalsystema Dips og Infodoc er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for legevaktsarbeid og sengepost
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • Du har gode kommunikasjonsevner, er effektiv og takler hektiske vakter på ein god måte
  • Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel
  • Du er proaktiv og løysingsorientert i arbeidet ditt

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg spennende/utfordrande oppgåver

Politiattest

I tråd med helse -og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    20.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4138037
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 06.10.2021