• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    05.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4882982
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 19.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 60 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar frå snarast råd. Stillinga er knytt opp mot ein brukar som har heildøgnsteneste frå heimetenesta, og som har eit fast team rundt seg.

Delar av stillinga er tillagt oppgåver når det gjeldt drift av teneste rundt brukar. Stillinga inneber jobb i snitt kvar 3. helg. 

Om Knarvik Nord Aust heimeteneste

Avdeling Knarvik nordaust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Me er ei avdeling som er i stadig vekst, me har eit stort geografisk område med eit aukande antall brukarar i alle aldrar som treng hjelp.

 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

Stillinga er i team, der ein skal utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutiner.

Deler av stillinga er tillagt oppgåver når det gjeldt drift av teneste rundt brukar.

 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B 

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som

  • er inspirerande og engasjert
  • trivst med å arbeide sjølvstendig og som del av team
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er fleksibel
  • ser løysingar framfor problem
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har erfaring frå team

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaper og egnaheit. Ein må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon, samstundes som ein kan jobbe sjølvstendig. Ein må vere løysingsorientert og trygg i utøving av sitt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollegaer. 

Vi tilbyr

  • Ein hektisk kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør
  • Årsturnus

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    05.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4882982
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 19.11.2022