Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
14.03.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3537095Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 03.03.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal legesenter har ledig 90% fast stilling som sjukepleiar frå 01.06.2021
Vil du å jobbe i eit topp moderne legesenter i nye lokale og bli del av ein høgt kvalifisert stab er dette jobben for deg.
Om stillinga
Legesenteret har 12 legar. Senteret er nytt og inneheld mellom anna laboratorium, 2 akuttrom og 3 skadestover. Me har erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniørar. Legesenteret er samlokalisert med mellom anna sjukeheim med ØHD, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste.
Arbeidsoppgåver :
Allsidige oppgåver som til dømes sårskift, spirometri, EKG, enkle pasientkontrollar, laboratoriearbeid, telefontriagering, resepsjonsarbeid og administrative oppgåver.
Krav til kompetanse:
3-årig høgskuleutdanning med norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Krav til søkjar :
Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid. Fleksibilitet og samarbeidsvilje.
Høg arbeidskapasitet. Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg. Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr:
Ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, svært godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo.
Løn etter tariff. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.
- Variert arbeid i positive miljø.
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
- Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Treningstilbod for tilsette.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
14.03.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3537095Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 03.03.2021