Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
12.12.2020Stillingsfunksjon
SjukepleiarAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3298254Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 02.12.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst på ein jobb som gjev deg utfordringar, spenning og mykje gleder? Heimetenestene på Sande i Sunnfjord yt hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Vi er opptekne av god kvalitet i tenestene våre og er stolte av arbeidsplassen vår. Vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der utvikling står sentralt.
Vi har ledig følgande stilling:
100 % vikariat som sjukepleiar frå snarast til 01.03.2022
Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag der ein følger opp ulike brukarar i eigen heim.
Arbeidsoppgåvene er m.a:- tilrettelegge , utvikle og koordinere sjukepleiefaglege tiltak for brukarane
- utføre praktiske sjukepleieoppgåver og observere tilstand og behov hos brukarane
- samarbeid med brukar, pårørande, fastleger og spesialisthelsetenesta
- samarbeid med kommunale og eksterne aktørar innan helse
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
Stillinga er for tida i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Krav til søkar:- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- du har førarkort klasse B
- du må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg
- god IT-kunnskap, tenesta brukar CosDoc som pasientjournal
Vi disponerer bilar i tenesta vår.
Vi ønsker deg som:- har evna til å lytte og søke gode løysingar
- er målbevisst og engasjert
- evnar både til å jobbe sjølvstendig på oppdrag og i team
- er trygg på eigne avgjerder
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- er fleksibel og likar utfordringar
- har god arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
Desse personlege eingenskapane vert vektlagt ved tilsetting.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
12.12.2020Stillingsfunksjon
SjukepleiarAnsettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3298254Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 02.12.2020