• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3541670
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 18.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 2x20 % fast i HUK-team

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Alver kommune skal opprette Hukommelsesteam som skal bestå av 4 personar fordelt på 90 % stilling (30 % + 20 % + 20 % + 20 %). Det er ledig to faste stillingar på 20 %. Om den som får stillinga har turnusarbeid i resterande stilling vert arbeidstida 35,5 t/v i 100 % stilling. 

Det er forventa ei auke av tal personar med demens i dei næraste tiåra, og difor eit behov for at det vert etablert eit forsvarleg tilbod i både kommune og i spesialisthelsetenesta.

Diagnose i rett tid er viktig, og ein føresetnad for å kunne gje rett behandling og omsorg. Dette vil også gje familien ein betre moglegheit for å delta i avgjersler om behandling og tilrettelagte tenester. 

Kommunen skal mellom anna tilby utredning, diagnostisering og behandling, jf lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2. For kommunehelsetenesta betyr dette at det skal takast ei demensutreiing av pasientar med klare symptom på kognitiv svikt. Kommunehelsetenesta har eit ansvar for at heimebuande og personar som bur på institussjon får stilt diagnose og vert tilbudt tett oppfølging gjennom heile sjukdomsforløpet. 

Om HUK-team

HUK-team er organisert under Heimetenesta - Dag- og servicetilbod. Vi er i oppstartfasa og har enno ikkje bestemt lokalisering, men det er bestemt at teamet skal samlokaliserast med fast oppmøtestad ein dag i veka. Teamet vil bestå av fire personar som fordelar oppgåver ut frå behov og geografi.

Arbeidsoppgåver

  •  Heimebesøk med fokus på kartlegging av hjelpebehov og utgreiing av eventuell demensdiagnose
  • Gjennomføre oppfølgjing
  • Rettleiing av pårørande
  • Vurdere velferdsteknologi som mogeleg tiltak (tidleg innsats)
  • Ha oversyn over kommunen sine tenester og tilbod
  • Samarbeide med fastelgar, institusjonar, dagsenter, heimetenesta og spesialisthelsetenesta
  • Vere med og arrangere pårørandeskule
  • Rettleie anna helsepersonell som har dagleg kontakt med personar med demens

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjent sjukepleiar

Ønskt kompetanse

  • Vidareutdanning innan demens og/eller geriatri
  • Erfaring frå demensarbeid

Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):

  • Interesse for arbeid med personar med demens
  • Jobbe sjølvstendig, men samstundes som ein del av eit team
  • Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

Lønn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Pensjonsordning i KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3541670
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 18.03.2021