• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4753161
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 20.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% vikariat - Sundheimen, somatisk avdeling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Vi har eit ledig vikariat for medarbeider i svangerskapspermisjon.

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet, er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande - og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

Stilling er ledig frå snarast

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller kommunal helseteneste

 

Eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

 

Anna:

Vikariat til august 2023

Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- på år over gjeldande tariff.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Målretta kvalitets- og forbedringsarbeid

 

Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar: Irene Sylte Glesnes : 56160400 / 91737554 irene.glesnes@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4753161
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 20.09.2022