• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    04.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3947101
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 24.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi lyser ut eit års vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar (37,5 t/v), frå snarast råd til 31.12.2022. Merk - lang søknadsfrist grunna ferie. 

6 av 7 kommunar i region Nordhordland og Bjørgvin DPS har etablert FACT-team i Nordhordland, eit prosjekt med statlege tilskotsmidlar i inntil 4 år. Tilskotet skal bidra til omstilling og styrking av eksisterande tenester, og målet er at tiltaket og arbeidsforma skal implementerast i ordinær drift etter prosjektperioden.

Kommunane som deltek i prosjektet er Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Alver. Bjørgvin DPS har ansvar for heile regionen. Alver kommune er ansvarleg for tiltaket i prosjektperioden.

Fleksible Assertive Community Treatment (FACT) er ein behandlingsmodell som skal gje heilskapleg og koordinerte tenester til menneske med alvorleg psykisk liding og samstundes psykisk liding og rusliding. Tiltaket inngår i kommunane og Helse Bergen sine vedtekne planar om å gje samanhengande tenester for menneske med samansette behov grunna alvorlege psykisk liding og/eller rusliding.

FACT-modellen krev eit høgt kvalifisert team som arbeider tett og aktivt saman og drar vekslar på samla kompetanse. Teamet er tverrfagleg samansett, har ein teambasert tilnærming og utfører samtidige kommunale tenester og spesialisthelsetenester. Døme på oppgåver er utgreiing, behandling og støtte, samhandling med døgntenester, arbeid med bustad, aktivitet/arbeid og samarbeid med familie og nettverk.

Recoveryperspektivet er særleg vektlagt.

FACT Nordhordland starta opp i mars 2019, arbeider nært tenester på spesialist og kommunalt nivå, og er samansett av medarbeidarar som i dag er tilsett i Bjørgvin DPS og i Alver kommune.

Arbeidsoppgåver

Du skal jobbe med individuell oppfølging og behandling av brukarar i eit ambulant tverrfagleg behandlingsteam
Du må kunne samarbeide med interne og eksterne samarbeidsapartar om eit heilskapleg tenestetilbod

Du skal kunne bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
Du vil fremme recovery, meistring og håp

Kompetanse

Du er offentleg godkjent sjukepleiar, eller har annan helse og sosialfagleg høgskuleutdanning med relevant arbeidserfaring innan fagfeltet. Du har gjerne vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller psykisk helsearbeid og rus.

Arbeidserfaring frå kommunar i prosjektet er ein føremon.

Du må ha førarkort klasse B.

Du har engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus, og har gjerne arbeidserfaring frå feltet. Du tek ansvar og kan prioritere opp mot dagleg drift. Du er initiativrik, fleksibel og likar å arbeide i team. Ved tilsetjing blir det lagt avgjerande vekt på nemnde personlege eigenskapar og evne til samarbeid.

Vi tilbyr

Teamarbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
Fagutvikling og rettleiing
Tilsetjing etter gjeldande avtaleverk
Pensjonsordning i KLP
Løn etter gjeldande tariffavtale. Annan avlønning kan vurderast ved særskild kvalifiserte søkjarar.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    04.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3947101
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 24.06.2021