• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3381844
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% stilling i vikariat, ved Heimetenesta sone sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du den nye sjukepleiaren vår?

Er du sjukepleiar og ønskjer deg jobb med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Me har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

   

Det vert no lyst ut etter sjukepleiar til 100% stilling i vikariat i Heimetenesta sone sør. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillinga ligg i årsturnus.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er for tida løna kr 25 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune

Stillinga er ledig frå 01.04. 2021.- til 01.03.2022.

  

Arbeidsoppgåver:

  • Yte fagleg forsvarleg teneste til brukarane
  • Kartleggje sjukepleiebehov, prioritera og iverksetja tiltak
  • Dagleg miljøarbeid i eining
  • Samarbeid med pårørande
  • Arbeida tverrfagleg og dele din fagkunnskap
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i fagjournal

  

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
  • Krav om framlegg av politiattest

  

Me tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der me kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift.

 

Kontakt:

 

 Einingsleiar Kate S Løland 56339703 / 9507112

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3381844
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.01.2021