• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    09.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960888
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% fast, Straume bu og servicesenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sjukepleiar 100% fast stilling - Straume bu og servicesenter, servicedelen

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

Om avdelinga:

Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ein flott personalgruppe som saman gjør sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar og assistentar.  

Godt samarbeid mellom sjuke-/vernepleiar på senteret med tanke på kompetanse utvikling, hjelp og støtte.

Senteret inneheld tre bufellesskap, ein dagavdeling og 28 omsorgsbustader (servicedelen). Det er no ein ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i servicedelen hjå oss.

 

Arbeidsoppgåver:

Du må trives saman med menneske og ynskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukara. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov og du må kunne utføre varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukara.

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Medikamenthåndtering
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Dokumentering i fagjournal
  • Samhandle med pårørande, fastlege, og andre helseinstanser

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er ein god teamarbeider
  • Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

 

Anna:

  • 20% av stillinga er knytt til timebank
  • Sjukepleiarar i fast turnus vert løna kr 35 000 over tariff i Øygarden kommune

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Kontakt: Avdelingsleiar Heidi Reisegg Endal  918 55 562

Konstituert Einingsleiar Astrid Geitle 913 19 622

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    09.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960888
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.01.2023