• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.11.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766592
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 08.10.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Ved Lindås Bu og Servicesenter har vi ledig stilling som sjukepleiar, og søkjer etter ein dyktig og triveleg sjukepleiar som ønskjer å arbeide 100 % i fast stilling. Hos oss vil du arbeidere i todelt turnus, og kvar 3. helg. 

Om Lindås bu- og servicesenter
Her på Lindås Bu og Servicesenter har vi 25 plasser til pasienter som skal være på langtidsopphald på sjukeheim. Pasientane som bur her er inndelt i to grupper, ein gruppe som er somatisk, og ein gruppe for personar med demenssjukdom.

Vi er stolt av dei gode tenestane vi leverer til pasientane som er hos oss. Ei god beskriving av arbeidsmiljøet vårt vil være at vi har eit godt samhold, og at vi er løysingsorientert. Som sjukepleiar hos oss vil du og oppleve at arbeidskvardag er oversiktelig, i form av at vi har tydelege og gode rutinar og rytme i kvardagen.

Dersom du har fagleg interesse for demens og sammensatte diagnoser hos eldre trur og håpar vi at dette er ei stilling som du vil kunne trivast i!

Du er hjarteleg velkommen til å søkje, og til å komme innom på besøk for å sjå korleis vi har det. I tilfelle må du ta kontakt med avdelingsleiar Ingrid og avtale tidspunkt.

Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar hos oss vil du i arbeidet ditt gje omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutinar. Du må også kunne samarbeide på tvers av fag med kollegaene dine. Vi ønskjer at du skal kunne gi rettleiing til studentar, lærlingar og kollegaer, og at du er opptatt av å få til eit godt samarbeid med pårørande og kollegaer. Ein viktig arbeidsoppgåve vil være å sikre gode tenester til pasientane, og vi ønskjer at du har eit godt fokus på dette i arbeidet du utfører. Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter er det viktig at du er ein pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar.

Kompetanse
For å arbeide som sjukepleiar hos oss må du ha norsk autorisasjon som sjukepleiar. I tilleg må du også ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Dersom du skulle være utdanna utanfor Norden treng du å vise fram ein godkjend B2 - test.

Ønskt kompetanse
Dersom du skulle ha relevant vidareutdanning som spesialsjukepleiar og kunne tenke deg arbeide hos oss har vi god bruk for kompetansen din! Eksempel på relevant spesialisering kan være innen geriatri, psykiatri eller aldersdemens. Dersom du har slik utdanning får du sjølvsagt både stillingskode og lønn etter den kompetansen du nyttar i arbeidet hos oss. 

Kven er du?
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team

Vi tilbyr
Først og fremst håpar vi at dei spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåvene kan freiste deg til arbeid hos oss. I tillegg kan vi tilby følgjande:

  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Rekrutteringstillegg  for eksterne søkjare på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
  • Sjukepleiare i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
  • Spesialsjukepleiare med relevant utdanning får stillingskode og lønn etter den kompetansen ein har med seg inn i arbeidet
  • Årsturnus med moglegheit for å påvirke eigen ferie og fritid

Vi håper vi høyrer frå deg, og at du legg inn ein søknad på stillinga. Dersom du har spørsmål om stillinga, eller om Linds bu og servicesenter er du velkommen til å ta kontakt med avdelingsleiar Ingrid for ein prat. 

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    06.11.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766592
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 08.10.2022