Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
31.10.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4155327Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 14.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Sjukepleiar- 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar i turnus med arbeid kvar 3. helg på Nordgardstunet.
Om Meland sjukeheim og avdeling Nordgardstunet
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliterings behov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.
Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Vi har eit breiare syn på palliasjon og er opptatta av kva vi kan gjere for at pasientane som er hos oss skal ha det godt dei siste vekene, månadene eller åra av livet når dei bur på Nordgardstunet. Du vil få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilde, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar.
Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutinar
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing til studentar, lærlingar og kollegaer
- Samarbeid med pårørande og kollegaer på tvers av tenestene
- Være en pådrivar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
- Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Ønskt kompetanse
Vidareutdanning innen demens eller geriatri
Kven er du?
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team
Vi tilbyr
- Spennande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
31.10.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4155327Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 14.10.2021