Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
04.01.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Manger
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3309333Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 22.12.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Sjukepleiar 100 % fast - Manger heimetenste
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Rekrutteringstilskot kr. 50.000,- mot 2 års bindingstid.
Om Manger heimeteneste
Avdeling Manger har kontor på Manger og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Her arbeider sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling i stadig utvikling med et felles fokus på gode tenester. Omsorg pluss (OMS) har 21 leilegheiter og 25 bebuarar. Stillinga vil få eit meiransvar for oppfylging av bebuarane våre i OMS.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar i eigne heim. Det er krav om at utførte tenester vert dokumentert i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Vi ønskjer no å styrke våre sjukepleieressursar i avdelinga og har soleis bruk for ein engasjert medarbeidar med interesse for eldreomsorg. Stillinga vil få meiransvar for oppfølgjing av bebuarane våre i Omsorgsbolig pluss. Som sjukepleiar vil du bli ein viktig del av pasientoppfølgjinga ved OMS, og samhandlinga mellom bebuarane sine fastlegar, avdelingsleiar og driftskoordinator, alt med sikte på å gi brukarane best mogleg teneste.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):
Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritere i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel.
Vi tilbyr
Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Dyktige kollegaer med høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Humor og humør
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltreding.
Slik søker du
Send oss ein kort søknad og legg ved informasjon om utdanninga og erfaringa di. Vi ser fram til å høyre frå deg. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR- avdlinga v/ Hilde Kleivdal pr. e-post hilde.kleivdal@alver.kommune.no.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
04.01.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Manger
ALVER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3309333Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 22.12.2020