Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
05.12.2022Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4882984Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 19.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Sjukepleiar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar frå snarast råd. Det kan vere vakter i team i tillegg til i "ordinær" heimeteneste. Stillinga inneber jobb i snitt kvar 3. helg i todelt turnus.
Om Knarvik Nord Aust heimeteneste
Avdeling Knarvik nordaust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Me er ei avdeling som er i stadig vekst, me har eit stort geografisk område med eit aukande antall brukarar i alle aldrar som treng hjelp.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er inspirerande og engasjert
- trivst med å arbeide sjølvstendig og som del av team
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
- er fleksibel
- ser løysingar framfor problem
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har erfaring frå team
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaper og egnaheit. Ein må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon, samstundes som ein kan jobbe sjølvstendig. Ein må vere løysingsorientert og trygg i utøving av sitt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollegaer.
Vi tilbyr
- Ein hektisk kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Dyktige kollegaer og høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Humor og humør
- Årsturnus
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
05.12.2022Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4882984Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 19.11.2022