• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    24.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4313281
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Stillinga vil vere knytt til heimetenesta og til eit team som gjev tenester til ein ung brukar 24/7. Brukar har personale med seg på skule, i heimen og på avlastning. Teamet er godt etablert i dag med faste tislette - der nokre har delar av stillinga i ordinær heimeteneste i tillegg til team, og andre heile stillinga si i team.

Om Knarvik Nord Aust heimeteneste

Teamet er organisert i Knarvik heimeteneste avdeling Nord/Aust. Avelinga er lokalisert i Knarvik i Geco-bygget. Avdelinga har tilsette som gjev tenester til heimebuande og til enkeltbrukarar med fast personale rundt seg. Dei tilsette består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelp og assistentar som til saman gjev gode tenester til sine brukarar. Avdelinga har fokus på fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø, og arbeidar tett saman med andre avdelingar i heimetenesta og tverrfagleg ut mot andre tenester.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av teamet rundt brukar og utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutinar
  • Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar ut frå behovet til ei kvar tid 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Andre yrkesgrupper kan verte vurdert dersom relevant utdanning og erfaring.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som

  • har gode kommunikasjonsevner
  • ser løysingar framfor problem
  • likar å arbeide tverrfagleg
  • kan jobbe sjølvstendig, men samtidig fungere i teamarbeid
  • er trygg i utøving av digg arbeid opp mot brukar/pårørande og kollegaer
  • har erfaring frå team

Ved tilsetjing vert personlege eigenskapar vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Humor og humør

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    24.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4313281
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.01.2022