• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    22.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Manger
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3546460
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 05.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. 

Rekrutteringstilskot kr. 50.000,- mot 2 års bindingstid.

Om Manger heimeteneste

Avdeling Manger har kontor på Manger og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy. Her arbeider sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling i stadig utvikling med et felles fokus på gode tenester.

Omsorg pluss (OMS) har 21 leilegheiter og 25 bebuarar. Stillinga vil få eit meiransvar for oppfylging av bebuarane våre i OMS. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar i eigne heim. Det er krav om at utførte tenester vert dokumentert i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.

Vi ønskjer no å styrke våre sjukepleieressursar i avdelinga og har soleis bruk for ein engasjert medarbeidar med interesse for eldreomsorg. Stillinga vil få meiransvar for oppfølgjing av bebuarane våre i Omsorgsbolig pluss. Som sjukepleiar vil du bli ein viktig del av pasientoppfølgjinga ved OMS, og samhandlinga mellom bebuarane sine fastlegar, avdelingsleiar og driftskoordinator, alt med sikte på å gi brukarane best mogleg teneste. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):

Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritere i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel. 

Vi tilbyr

Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar

  • Dyktige kollegaer med høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Humor og humør
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    22.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Manger
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3546460
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 05.03.2021