Detaljer


Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

SJÅFØR

Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss. Selskapet arbeider med avfallsløysingar for abonnentar og kundar; innsamling, tilrettelegging av sorteringsordningar, gjenvinning, energiutnytting og sluttbehandling av avfall. Me samarbeider òg med aktuelle aktørar for å vidareutvikle dei naturlege ressursane i regionen. IHM er sertifisert etter ISO9001/ 14001 og OHSAS18001.

SJÅFØR 

Lift/krokbil

I samband med at ein av våre sjåførar går over i anna arbeid, søkjer me etter sjåfør med tilsetjing snarast.

Me ser etter deg som trivst i ein travel arbeidsdag, er omgjengeleg og set pris på god kundehandsaming.

Arbeidsoppgåvene vil omfatta:

  • Inn- og utkøyring av kontainerar til våre kundar i regionen
  • Transport av avfall frå våre miljøstasjonar til avfallsanlegget på Voss

Du må:

  • ha førarkort min klasse C, CE er ei føremon
  • ha relevant erfaring frå transportbransjen
  • vera serviceinnstilt og flink til å kommunisera
  • vera fleksibel i forhold til dagleg arbeidstid
  • ha god risikoforståing og ansvarskjensle
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i lag med andre
  • erfaring med praktisk arbeid og evne til å sjå løysingar
  • ha evne og vilje til dagleg bilvedlikehald og ettersyn
  • ha maskinførarbevis, eller ynskjer å ta det


For oss er avfall ein viktig ressurs, og me ynskjer søkjarar med eit overordna miljøperspektiv.

Oppstart så snart som mogleg eller etter avtale.

For fleire opplysningar, ta kontakt med driftsleiar Kjell Brøto på tlf. 948 80 806, eller Avd.leiar næring, Bjarte Nedkvitne på tlf. 995 46 788.

Søknad med attestar og vitnemål sender du til:

Indre Hordaland Miljøverk IKS, postboks 161, 5701 Voss innan 30.04.19.

Merk søknad «Sjåfør lift/krokbil»