Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Sikkerheitskontrollør / forvaltar tunnel og rådgjevar kontraktstrategi

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Seksjon for vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane. Driftsoppgåver er å følgje opp drifts-/elektroentreprenørane sitt arbeid og bestille tilleggsarbeid hjå desse, og syte for best mogleg framkomst på vegane. Vedlikehaldsoppgåver er bestilling og oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald, tunneloppgradering og andre vedlikehaldsoppgåver. Dei viktigaste oppgåvene er planlegging av arbeid, utarbeiding av grunnlag for budsjettsøknader, oppfølging av entreprenør og økonomioppfølging innan tildelte midlar.

Stillingar og arbeidsoppgåver

Sikkerheitskontrollør tunnel
1 stilling lokalisert i Bergen eller Leikanger - Næraste leiar er Eivind Yttri

  • Oppgåver skildra i tunnelsikkerhetsforskriften §6.
  • Delta ved utarbeiding av beredskapsplanar, gi råd til tunnelforvalter i arbeidet med sikkerheitsdokumentasjon.
  • Gi skriftleg uttale til sikkerheitsdokumentasjon som vert lagt ved søknad om sikkerheitsgodkjenning før åpning av ein tunnel
  • Delta i arbeidet med å planlegge, gjennomføre og evaluere øvingar.

Tunnelforvalter
1 stilling lokalisert i Leikanger - Næraste leiar er Åsmund A Sekse

  • Ivareta fylkeskommunen sitt ansvar for tunnelforvaltning og brannvernleiar, jf Forskrift om minimum sikkerhetskrav til visse tunneler på fylkesvegnettet og kommunalt vegnett i Oslo (tunnelsikkerhetsforskrift for fylkesveg), samt handbok R511.

Rådgjevar kontraktstrategi
1 stilling lokalisert i Bergen eller Leikanger - Næraste leiar er Eivind Yttri

  • Utvikling av kontraktsstrategi for drift og vedlikehald, marknadsdialog, rådgjeving, samarbeid med innkjøpsfagelege rådgjevarar, byggeleiarar etc inna drift og vedlikehald.
Kvalifikasjonar

Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.
Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.  

Særlege krav for Rådgjevar kontraktsstrategi

  • Kjennskap til og erfaring med kontraktsutlysing og oppfølging generelt og driftskontraktar konkret.
Personlege eigenskapar
Vi er ute etter medarbeidarar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorienterte og som har god gjennomføringsevne.

Vi tilbyr
  • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Andre opplysningar 

Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.