Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3947738Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 13.07.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Senior IKT-konsulent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune har i dag ein IKT-avdeling på 7 personar. Hovudoppgåva er å levere gode IKT-tenester internt i kommunen, samt gode digitale tenester til innbyggjarane våre. Målsettinga er at Sogndal skal bli ein heildigital-kommune.
Arbeidsoppgåver
• Vera med å utvikle Sogndal Kommune til ein digital kommune med moderne digitale og
effektiviserande løysingar
• Driftsoppgåver innan IKT
• Delta og leie digitaliseringsprosjekt
• Tekniske løysingar som medverkar til effektiv innbyggjarinvolvering og brukarmedverknad; strategi
og praktisk oppfølging.
Formalkompetanse:
• Ynskje med relevant utdanning. Lengre relevant praksis kan erstatte formell utdanning.
Realkompetanse:
• Lang erfaring frå og med ikt utvikling og drift.
• Kompetanse og erfaring med Active Directory, og Microsoft-plattform
• Kompetanse og erfaring med Microsoft 365, og innføring/opplæring i organisasjonen
• Erfaring med prosjektleiing.
• God og trygg formidlingsevne, skriftleg- og munnleg på norsk
• Fagleg oppdatert, analytisk, effektiv, ryddig og nøyaktig
Personlege eigenskapar:
• Evne til å arbeide sjølvstendig.
• Fleksibel, dynamisk.
• Vere positiv og engasjert.
• God formidlingsevne.
• Gode samarbeidseigenskapar.
• Strukturert og engasjert.
• Løysingsorientert.
Me kan tilby
• 100% fast stilling med oppstart etter avtale
• Ein variert kvardag med spennande oppgåver
• Ein lærerik arbeidsplass som fokuserer på at framtida er digital
• Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald
• Gunstig pensjonsordning og ulukkes- og gruppelivsforsikring
• Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift
• Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.08.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3947738Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 13.07.2021