Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kyrkjelyd / Kyrkjelege fellesråd

Sekretær i 50% stilling ved Ål kyrkjekontor

Kirke og trossamfunn

Ål kyrkjelege fellesråd har 12 tilsette. I det daglege samarbeider me tett med dei tre prestane våre. Me har tre soknekyrkjer, fjellkyrkje og naturkatedral. Som ein prøveordning er sokneråda slege saman til eitt råd. Me har eit godt og allsidig arbeid innan musikk, trusopplæring, diakoni og gudstenesteliv. Sekretæren er ein vesentleg person i dette arbeidet.

Sekretær i 50% stilling ved Ål kyrkjekontor

Ledig frå 1. september 2019

Oppgåver:

  • Publikumskontakt gjennom ekspedisjon og sentralbord
  • Sekretær for prosten med planarbeid, organisering av vikarteneste mv.
  • Post / arkiv
  • Kyrkjebokføring og statistikk
  • Oppfylgjing av nettsider
  • Informasjonsarbeid
  • Oppfylgjing av soknerådsarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Sekretærutdanning eller tilsvarande
  • Kontaktskapande og arbeidssam
  • Fleksibel og punktleg
  • Likar samarbeid
  • Kan bruke begge målføre
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Har datakunnskap over gjennomsnittleg nivå

Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja, og arbeide lojalt i høve kyrkja sin bodskap.

Kjennskap til kyrkjeleg organisering, liv og virke er ein fordel.

Lønn- og tilsetjingsvilkår etter kyrkjelege avtaler og tariff. Medlemskap i pensjonsordning.

For meir informasjon, kontakt kyrkjeverje Kjellfred Dekko tlf. 926 41198.

Søknad med attester, vitnemål og referanser til aal.kyrkje@hallingnett.no innan 10. juli.