Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Helse Bergen - Voss Sjukehus

SEKRETÆR/HELSESEKRETÆR i 40%

Helse og sosial

Sekretær/helsesekretær
Voss sjukehus/Somatisk kontorteneste, Helse Bergen
Somatisk kontorteneste, Voss sjukehus har 19 årsverk knytt til ulike funksjonar i sjukehuset. Vi har ledig 40% vikariat for sekretær/helsesekretær.
Arbeidsoppgåvene er primært knytt til Akuttmottak/legevakt, med arbeid 3. kvar helg, seinvakt på vekedagar og helgedagar. Sekretær samarbeider tett med lege og sjukepleiarar i avdelinga.

Vikariatet er ledig frå 15.06.2020 til 31.12.2020 med mogleg forlenging. Arbeidsoppgåver og arbeidstad kan bli endra ved endring av drift eller behov.

Arbeidsoppgåver
* Mottak og registrering av pasientar til legevakt og poliklinikk
* Telefonekspedering
* Bistå lege/sjukepleiar ved behov
* Førefallande oppgåver i avdelinga
* Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med rutinar og forbetring av tenestene

Kvalifikasjonar
* Kontorfagleg utdanning og gode IKT kunnskapar
* Søkjar må meistre norsk og engelsk godt, både munnleg og skriftleg
* Det er ønskjeleg med erfaring frå pasientadministrative system

Personlege eigenskapar
* Du må vere nøyaktig, strukturert og påliteleg, og kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
* Du må kunne arbeide raskt og effektivt i eit hektisk miljø
* Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
* Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
* Det blir lagt stor vekt på fleksibilitet, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr
* Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
* Triveleg arbeidsmiljø
* Fagleg og personleg utvikling
* Gode pensjons- og forsikringsordningar
* Dyktige og engasjerte kollegaer

Kontaktinformasjon
Seksjonsleiar Laila Dregelid Kvåle, 56 53 35 12

Søknadsfrist: 02.06.2020

Webcruiter-ID:4240307828