• Bedrift
    Hallingdølen AS
  • Søknadsfrist
    05.11.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Forlag og grafisk produksjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    NORSK, NYNORSK
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2172232
  • Se her for andre jobber fra Hallingdølen AS
  • Oppdatert 18.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hallingdølen AS

SALS- OG MARKNADSANSVARLEG

Forlag og grafisk produksjon

Hallingdølen er lokalavis for Hallingdal og Nore Uvdal, med eit opplag på 9078. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka. Hallingdølen har markert seg sterkt i bransjen og vore kåra til Årets lokalavis fleire år. Hovudkontoret ligg i Ål. Det er 34 tilsette i mediebedrifta, av desse 14 i redaksjonen.

Hallingdølen søkjer

Sals- og marknadsansvarleg

Me søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle sals- og marknadsarbeidet i alle våre kanalar. Mediemarknaden er i stadig endring, og Hallingdølen skal framleis vera den leiande nyheitsleverandøren og reklamekanalen i Hallingdal. Våre digitale kanalar blir stadig betre og viktigare, samstundes som me også legg mykje jobb i å vidareutvikle papirprodukta våre. Den som blir tilsett får ansvaret for å leie eigne medarbeidarar, og skape ein sals- og produkstrategi som gjev dokumentert effekt for annonsørane våre på best mogleg vis. Me tilbyr ei sentral leiarrolle med gode høve til kompetanseutvikling og nettverksbygging.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie, utvikle og motivere eigne medarbeidarar
  • Vidareutvikle sal- og prestasjonskulturen i avisa
  • Ansvar for sals- og produktstrategi i tillegg til budsjett for avdelinga
  • Delta aktivt i salsarbeidet gjennom kundemøte og samlingar
  • Jobbe for å styrke og synleggjera Hallingdølen sin posisjon som annonsekanal
  • Aktivt bidra i Hallingdølen sitt samarbeidsorgan/partnerskap(Agderposten medier)

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, gjerne innan marknadsføring, økonomi, leiing eller tilsvarande
  • Leiarerfaring frå kommersiell verksemd med salsfokus, og kan vise til gode resultat
  • Gjerne bakgrunn frå rådgjevande B2B-sal
  • God kunnskap om digital marknadsføring

Eigenskapar:

  • Samlande og engasjerande med evne til å inspirere både tilsette og kundar
  • Sjølvstendig og strukturert
  • God på å byggje nettverk
  • Positiv og løysingsorientert også i krevjande periodar
  • Mål- og forretningsfokusert i ein endringsorientert bransje

Me tilbyr:

  • Totalt salsansvar for Hallingdølen sine annonseprodukt
  • Ei synleg leiarrolle med gode mogelegheiter for utvikling av eigen kompetanse og nettverk
  • Du vil bli ein del av Hallingdølen si leiargruppe, og bidra i den vidare utviklinga av avisa
  • Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Ola Stave, på e-post ola.stave@hallingdolen.no eller telefon 90 94 19 94 for meir informasjon om stillinga. 

Send søknad til: ola.stave@hallingdolen.no

Søknadsfrist 5. november.

 

  • Bedrift
    Hallingdølen AS
  • Søknadsfrist
    05.11.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Forlag og grafisk produksjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    NORSK, NYNORSK
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2172232
  • Se her for andre jobber fra Hallingdølen AS
  • Oppdatert 18.10.2019