• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3070664
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.08.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sakshandsamar ved forvaltningskontoret for helse- og omsorgstenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Fast 100 % stilling som sakshandsamar ved forvaltningskontoret for helse- og omsorgstenester i Alver kommune 

Forvaltningskontoret har ansvar for sakshandsaming av søknader om helse-og omsorgstenester for alle innbyggarar i nye Alver kommune. Kontoret ligg i Alver rådhus i Knarvik og har 12 dyktige medarbeidarar med tverrfagleg kompetanse. Som sakshandsamar får du mange spanande oppgåver, eit godt arbeidsmiljø og mulegheit for fagleg og personleg utvikling. Forvaltningskontoret har god samhandling med dei ulike tenestene som utøvar helse- og omsorgstenester. Vi søker no ein ny medarbeidar som ønskjer å vokse med og bidra til utviklinga av forvaltningskontoret i Alver kommune.

Arbeidsoppgåver:

Oppgåva vil vere sakshandsaming av søknader primært for brukarar med nedsett funksjonsevne. Sakshandsaming inneber dialog og samhandling med søkarar, kartlegging av behov for tenester ( t.d. ved heimebesøk), og å fatte vedtak i tråd med regelverket. Som sakshandsamar vil du tilby brukarar og pårørande råd og rettleiing, samarbeide tett med andre sakshandsamarar med tilsvarande oppgåver, samt ha dialog med utøvande tenester kommunen, i sær kommunen si habiliteringsteneste. Oppgåvene omfattar også samhandling med andre kommunale aktører som barnevern og oppvekstsektoren, samt spesialisthelsetenesta.

Kvalifikasjonskrav:

Vi søker primært etter deg som har fagutdanning innan helse og omsorg,  erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne eller utviklingshemming, og kunnskap om rettigheiter til helse- og omsorgstenester.

Det er ein føremon om du har erfaring frå sakshandsaming og kjennskap til fagsystemet Visma Omsorg Profil.

Vi søker deg som har gode samarbeidsevner, god skriftleg framstillingsevne, som er målretta og fleksibel i det daglege. 

Vi tilbyr:

Løn etter gjeldande tariffavtale                                                                                                                                                                                                                                  God Pensjonsordning

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3070664
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.08.2020