• Bedrift
    Radøy kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2017
  • Stillingsfunksjon
    Administrasjon
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    1-2 år
  • Adresse
    5936, MANGER
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    428125
  • Se her for andre jobber fra Radøy kommune
  • Oppdatert 30.03.2017
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Radøy kommune

Barnevernkonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ledig fast 1/1 stilling som sakshandsamar frå og med 01.09.2017. 

Om arbeidsstaden

Barneverntenesta består av leiar, fire sakshandsamarar og ein familierettleiar. Tenesta er samlokalisert med  og deler
ei merkantil stilling med PPT og psykisk helse.

 Ansvar / arbeidsoppgåver

- sakshandsaming etter Lov om barneverntenester og forvaltningslova
- undersøking/ utredning
- iverksetting og oppfølging av barn og familiar med hjelpe- og omsorgstiltak
- tverrfagleg samarbeid
- råd og rettleiing til barn/ungdommar og deira familiar

Kompetanse

Treårig høgskule barnevernpedagog eller sosionom. Gjerne med relevant vidareutdanning.
Erfaring med sakshandsaming etter Lov om barneverntenester vil bli vektlagd

Eigenskaper

- evne til å jobbe strukturert og målretta
- like å arbeide i team, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig
- påliteleg og ansvarsbevisst
- fleksibel, engasjert og løysingsorientert
- høg fagleg integritet
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- gode samarbeidseigenskapar
- god evne til kontaktetablering og relasjonsbygging
- kunne handtera stress og press på ein god måte
- evne til å vera audmjuk og å tenkja heilskapleg, kombinert med å visa tryggleik og ha gjennomføringsevne
- opptatt av fagleg utvikling og bidra til dette

 Vilkår

Fast stilling Årsløn 1/1 stilling kr 373 700  aukande til 440 200,- etter 16 års ansiennitet.  For særskild kvalifiserte søkarar kan anna avløning  vurderast.

 - fleksitid, med kjernetid 09.00 - 15.00.
- det vert kravd politiattest før tilsetting.
- det er naudsynt å disponere bil og ha sertifikat kl B . Kjøregodtgjersle etter staten sine satser.  

Me kan tilby:

- spennande, varierte, utfordrande og meiningsfylde arbeidsoppgåver
- sjølvstendig arbeid og teamarbeid
- opplæring, rettleiing og kompetanseutvikling
- godt arbeidsmiljø og fagmiljø, samt godt tverretatleg samarbeidsmiljø

Løn og vilkår i tråd med lov og avtaleverk. Svært god pensjonsordning i KLP .

 Du kan sende søknad slik:

Radøy kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring søknadsprossessen ta kontakt med sørvistorget på tlf: 56 94 90 00. 

Nytt krav om politiattest i den kommunale helse- og omsorgstenesta . Den som får tilbod om stilling i helse og omsorg,  skule, barnehage og barnevern skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

 Rett kopi av attestar og vitnemål kan lastast opp i søknaden men skal også bli tatt med ved evt. intervju.

 Søknadsfrist    19.04.2017                                Utlyst dato        31.03.2017                          Vårref                  136

 Kontaktperson

Leila Torsvik, Avdelingsleder ved barneverntenesta, tlf 56 34 92 87, leila.torsvik@radoy.kommune.no

Mette Fauskanger, Kommunalsjef Helse, omsorg og sosial, tlf 56 34 90 15, mette.fauskanger@radoy.kommune.no

 

  • Bedrift
    Radøy kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2017
  • Stillingsfunksjon
    Administrasjon
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    1-2 år
  • Adresse
    5936, MANGER
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    428125
  • Se her for andre jobber fra Radøy kommune
  • Oppdatert 30.03.2017