• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3509669
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sakshandsamar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

 Fast 100 % stilling som sakshandsamar ved forvaltningskontoret for helse- og omsorgstenester i Alver kommune.

Forvaltningskontoret har ansvar for sakshandsaming av søknader om helse-og omsorgstenester for alle innbyggarar i nye Alver kommune. Kontoret ligg i Alver rådhus i Knarvik og har dyktige medarbeidarar med tverrfagleg kompetanse. Som sakshandsamar får du mange spanande oppgåver, eit godt arbeidsmiljø og mulegheit for fagleg og personleg utvikling. Forvaltningskontoret har god samhandling med dei ulike tenestene som utøvar helse- og omsorgstenester. Vi søker no ein ny medarbeidar som ønskjer å bidra til utviklinga av forvaltningskontoret i Alver kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming av søknader om helse og omsorgstenester i tråd med krav i lov og interne rutinar.
  • Sakshandsaming primært for brukarar innan fagområdet psykisk helse og rus. Sakshandsaming inneber diaolog og samhandling med søkar, kartlegging av behov for tenester ( t.d. ved heimebesøk), og å fatte vedtak i tråd med regelverket.
  • Tilby brukarar og pårørande råd og rettleiing innanfor fagfeltet psykisk helse og rus.
  • Ha dialog med utøvande tenester i kommunen, i sær tenesta for psykisk helse og rus.
  • Samhandling med andre kommunale aktører og spesialisthelsetenesta, herunder initiere og gjennomføre samarbeidsprosesser og lede samarbeidsmøter.
  • Handtering av PLO-meldinger innan fagområdet psykisk helse og rus (elektronisk samhandling med fastlege og spesialisthelstetenesta).
  • Samarbeide med andre sakshandsamarar på kontoret.
  • Bidra i forbetring – og utviklingsarbeid på forvaltningskontoret

Kompetanse

Vi søker etter deg som:

  • Har 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning
  • Har vidareutdanning i psykisk helse og rus eller minste 3 års erfaring frå arbeid med brukarar/pasientar innan fagområdet psykisk helse og rus
  • Det er ein føremon om du har vidareutdanning i helserett.
  • Det er også ein føremon om du har erfaring frå sakshandsaming etter helselovgivinga og forvaltningslova.

I denne stillingen legges det også vekt på personlege eigenskapar som følgjar:

  • Strukturert, effektiv, evne til å vise handlekraft  og jobbe sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg trygg, og evne til å bidra inn i eit godt tverrfagleg samarbeid
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Engasjement og fleksibilitet

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariff
  • IA-bedrift
  • God pensjonsordning

 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3509669
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.02.2021