Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
31.12.2025Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6459107Se här för andra jobb från Hå kommune
Hå kommune
Ringevikar ATO
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me treng ringevikarar på ATO-avdelinga på Bø skule. Det kan vere behov for både pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar i løpet av skuleåret 2025-26. Me tek kontakt fortløpande.
ATO står for alternativ tilpassa opplæring og er ei spesialpedagogisk avdeling for Hå kommune. Avdelinga er ein del av Bø skule, og legg til rette for spesialundervisning for 18 elevar med ulike behov. Fleire elevar har hjelpemiddel og behov for opplæring i blant anna alternativ støttande kommunikasjon (ASK), fysioterapi, ergoterapi og oppfølging i samband med syn- og hørsel.
Laget vårt består av ulike profesjonar; pedagogar, vernepleiarar, sjukepleiar og fagarbeidarar. Som lærar har du ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning i mindre elevgrupper, samt individuell tilrettelegging. Som fagarbeidar og miljøterapeut er det arbeid med elever individuelt og i grupper, sette mål og sikre god gjennomføring.
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse, fagbrev, relevant høgskuleutdanning
God IKT-kompetanse
Erfaring med opplæring for elevar med rett på spesialundervisning
Gode kommunikasjonsevner, du må beherske norsk skriftleg og muntlig
Personlige eigeskaper
Du er ansvarsfull, ein tydeleg vaksen og innbyr til tillit.
Du er initiativrik og tar aktivt tak i dei oppgåvene som skal gjerast.
Du tar imot veiledning og råd, og er ikkje redd for å spør om hjelp.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Företag
Hå kommuneAnsökningstiden
31.12.2025Anställningsform
EngagemangBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6459107Se här för andra jobb från Hå kommune