Detaljer


REVISOR

Indre Hordaland Revisjonsdistrikt er eit kommunalt revisjonssamarbeid
mellom kommunane Voss, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang,
Odda og Jondal. Til saman har desse 6 kommunane omlag 28.000 innbyggjarar
.
Me har kontor på Voss.

REVISOR
Me har ledig fast 100% stilling som revisor frå 01.09.19 eller tidlegare etter avtale.

Hovudoppgåvene vil vera planleggjing, gjennomføring og
rapportering av rekneskapsrevisjon av kommunar og revisjon av
andre verksemder og organisasjonar.

Me ynskjer at du har:
• bachelorgrad og/eller master i revisjon og økonomi
• analytiske evner, er strukturert og kan arbeida sjølvstendig
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne
• gode kommunikasjons-/samarbeidsevner

Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg verksemd.

Me tilbyr:
• faglege utfordringar gjennom varierte og interessante arbeidsoppgåver
• løn etter avtale og god pensjonsordning
• fleksibel arbeidstid
• godt arbeidsmiljø

For meir informasjon om stillinga kan du kontakta
dagleg leiar Elin Bye tlf. 56 53 00 23/986 44 570.

Søknad med CV kan sendast via e-post til:
elin@ihrevisjon.no innan 5. august 2019.