• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    09.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3511835
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 24.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Rettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

NAV Vestland er organisert i ni regionar ut frå bu og arbeidsområde, der kvar av desse er fagleg sjølvstendige. Region Sunnfjord består frå 01.01.20 av NAV kontora i kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Sunnfjord kommune har 22 000 innbyggarar og NAV-kontoret i Sunnfjord kommune er regionkontor for NAV region Sunnfjord med omlag 50 tilsette. Kontoret er organisert i fire avdelingar med eigen avdelingsleiar. Leiargruppa består av NAV-leiar og fire avdelingsleiarar.

Vil du vere med å styrke laget vårt?

 Vi har ledig følgande stilling:
  • 100 % vikariat som rettleiar frå 01.04.2021 - 31.04.2022.
  • 100 % engasjement ledig frå snarast til 31.12.2021, med mulegheit for forlenging.
 Arbeidsoppgåver:
  • kartlegge brukar sine ressursar, rettleie og motivere og legge til rette for å hjelpe den enkelte til sjølvhjelp    
  • tett samarbeid med kollegaer frå andre avdelingar/einingar i NAV, lokalt næringsliv og andre samarbeidspartnarar med mål om ordinært arbeid for flest mogeleg
  • rettleie, informere og sakshandsame etter gjeldande regelverk. Arbeid etter lov om sosiale tenester i NAV vil stå sentralt, men andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle
  • rettleie og bidra til at innbyggar kan nytte NAV sine digitale tenester og digital informasjon

Vi tek atterhald om endring i arbeid- og ansvarsområde. Du må rekne med å utføre dei oppgåvene som til ei kvar tid er naudsynte for at kontoret og regionen skal imøtekomme brukarane sine behov.

Krav til søkar:
  • utdanning på bachelor-nivå innanfor relevant fagområde. Sosialfagleg utdanning blir føretrekt, men anna relevant utdanning/erfaring kan også vere aktuell
  • rettleiingskompetanse, enten gjennom formell kompetanse eller gjennom praksis
  • gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg (minimum B2)
  • gode digitale evner
  • kjennskap til NAV sin inkluderingskompetanse og/eller SE/IPS metodikken
Vi søker deg som:
  • har god forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv
  • har eit sterkt engasjement for samfunnsoppdraget til NAV, og tru på at alle menneske trass utfordringar kan få og behalde arbeid
  • god på motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad
  • målretta, strukturert og arbeider systematisk med god kvalitet i saksbehandlinga
  • har stor arbeidskapasitet og evne til å handtere komplekse problemstillingar
  • positiv, tydeleg, løysingsorientert og har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner, også i vanskelege situasjonar
  • tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret
Vi tilbyr:
  • meiningsfylt kvardag med arbeidsoppgåver innan viktige samfunnsområde
  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
  • ein organisasjon som er i stadig endring og som gjer moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • kjekke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • løn etter gjeldande tariffavtalar. Kompetansetillegg kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar
  • gode pensjonsordningar gjennom KLP (2% pensjonstrekk)

 

Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 

Kontaktinformasjon:

Magne Kjetil Berg, NAV-leiar, 992 41 911 / Magne.Kjetil.Berg@nav.no

Kjersti Erichsen, Assisterande leiar 996 36 451 / Kjersti.Erichsen@nav.no

 

 

N

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    09.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3511835
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 24.02.2021