Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
11.09.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4706870Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 27.08.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Rektor ved Nordbygdene skule
Offentlig forvaltning
Er du klar for nye utfordringar, og kan tenkje deg å prøve deg i ein leiarstilling?
Her får du sjansen til å bli rektor i grendeskulen til bygdene Votndalen, Leveld og Vats i tett samarbeid med Leveld barnehage som ligg like ved. Klassestorleiken varierer frå 7 i den minste til 16 i den største. I denne stillinga kan du setje spor i elevane sine liv i ein viktig fase, ved å leggje til rette for gode elevresultat og høg trivsel i skulen.
Det er fint om du har leiarerfaring, men ikkje ein føresetnad. Som rektor i Ål blir du ein del av eit rektorkollegium, og eit regionalt rektornettverk med god kollegastøtte. Du får god opplæring i personalleiing, og kan bli med i intern og ekstern leiarutvikling, les meir her. Er du interessert i å ta rektorutdanninga etter kvart, har Ål kommune gode støtteordningar for det.
Som rektor er du ansvarleg for den daglege drifta, pedagogisk leiing og utvikling av skulen. Du utvikler det faglege fellesskapet rundt læringsoppdraget, samt systematisk og målretta arbeid for eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. Som personalleiar skapar du, gjennom tillit og klare forventningar, ein attraktiv arbeidsplass for våre tilsette. Tenkjer du at dette kan vere interessant og spennande, så send oss ein søknad!
Sjå www.aal.kommune.no for meir informasjon om Ål kommune og Nordbygdene skule.
Kvalifikasjonar- minimum 3-årig bachelor i pedagogikk, lærarutdanning eller tilsvarande
- ynskjeleg med relevant leiarerfaring fortrinnsvis frå barneskule
- gjerne rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning
Me tilbyr
Eit triveleg kollegium kor du er med på å utvikle oppvekstsektoren i Ål og regionen gjennom regionale nettverk. Rektor rapporterer til kommunalsjef og saman med 11 andre avdelingsleiarar er du med på å utvikle oppvekstsektoren i Ål.
Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar".
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
11.09.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4706870Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 27.08.2022