• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2022
  • Stillingsfunksjon
    Heiltid/Deltid
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4645797
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 10.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Rektor/einingsleiar - 100 % fast

Offentlig forvaltning

Stillingstype

Vestnes kommune søkjer etter ein utviklingsorientert og samlande rektor/einingsleiar for Helland ungdomskule. Helland ungdomsskule er for tida lokalisert i Tresfjord, fram til ein felles ungdomsskule for kommunen blir realisert. I tillegg til å leie Helland ungdomsskule fram til ny ungdomsskule er på plass, vil den som blir tilsett bli rektor for den nye felles ungdomsskulen i kommunen. Oppstart: 01.08.2022

Rektoren vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med utforminga av den nye felles ungdomsskulen i kommunen.

Arbeidsoppgåver
-Leiing av lærings- og utviklingsarbeid
-Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
-Forvaltning og kvalitetsutvikling
-Økonomistyring og resultatkontroll
-Tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
-Samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
-Kvalitetsutvikling

Kvalifikasjonar

-Utdanning i skuleleiing vektleggjast
-Undervisningserfaring frå grunnskulen
-Leiarerfaring frå skule, særleg som rektor
-God framstillingsevne, både skriftleg og munnleg. Må meistre både nynorsk og bokmål
-Gode IKT-kunnskapar
-Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

Personlege eigenskaper

-Kan motivere og inspirere elevar og tilsette

-God på dialog og kommunikasjon 
-Kan vere synleg i møte med elevar, tilsette og føresette
-Har evne til å etablere godt samarbeid mellom partane i skulesamfunnet og til å skape gode relasjonar
-Har evne til å leggje til rette for innovasjon og nyskaping
-Har evne til å planlegge og gjennomføre tiltak
-Kan arbeide strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr

-Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
-Ein arbeidsplass med fokus på utvikling
-Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
-Ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
-Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.

Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

 

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju

Referansar

Oppgi referansar

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2022
  • Stillingsfunksjon
    Heiltid/Deltid
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4645797
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 10.06.2022