• Bedrift
    Bø kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    3800, BØ I TELEMARK
    MIDT-TELEMARK
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Bø i Telemark
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1176032
  • Se her for andre jobber fra Bø kommune
  • Oppdatert 16.01.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Bø kommune

Rektor Bø skule

Offentlig forvaltning

Omtale av arbeidsstaden

Bø skule er ein av tre grunnskular i Bø kommune, og ligg i Bø sentrum. Skulen har om lag 430 elevar, og er ein fulldelt 1-7 skule med skulefritidsordning. Skulefritidsordninga har om lag 135 barn, med leiar i delt stilling.

Skulen blei renovert og ferdig utbygd i 2010. Skulen er bygd for 3 klasser pr. trinn. Kvart trinn har sin eigen base med klasserom, grupperom, garderobe og eigen inngang. Skulen har eit stort felles amfi som ligg midt i skulen. Bibliotek, praktisk-estetiske rom, musikkrom og skulekjøkken ligg knytt opp mot amfiet, sentralt i skulen. Skulen jobbar mykje med at alle elevar formidlar/framfører ting for kvarandre. Amfiet blir difor bruka mykje gjennom heile skuleåret av alle trinn/klasser. 
Skulen har 46 pedagogar, 1 sekretær, 24 assistentar - der dei fleste jobbar i SFO, 2 spes.ped. koordinatorar, 2 ass.rektorar i 100% og rektor. Skulen har eit stabilt personale og høg trivsel blant elevane. Skulen deltar i satsingane "Vurdering for læring" og "Liv og røre" saman med dei to andre skulane i kommunen. Skulen jobbar mykje med alternative organiserings-former, bl.a. stasjonslæring.

Kort om stillinga

Da vår nåverande leiar sluttar er det ledig 100 % fast stilling som einingsleiar/rektor ved Bø skule frå 01.08.19. Bø kommune er ein sektor-inndelt kommune og stillinga ligg under kommunalsjef for oppvekst.

Arbeidsoppgåver

Som einingsleiar og skulens øvste leiar, har rektor eit overordna totalansvar for skulen. Dette inneber blant anna:
" totalansvar for verksemda inkludert personal og budsjettansvar
" sørge for eit godt pedagogisk læringsmiljø med fokus på maksimalt læringsutbytte for elevane
" rekruttere, utvikle og leie tilsette på ein god måte
" bidra i tverrfagleg samarbeid, med særleg fokus på førebygging og tidleg innsats
" aktiv deltaking i kommunen si leiargruppe
" medverke til å skape nye Midt-Telemark kommune innenfor oppvekstområdet

Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar

" relevant utdanning og undervisningserfaring
" kunnskap om skoleutvikling, evne til nytenkning og gjennomføringsevne
" god økonomiforståing
" god på personalleiing og arbeidsmiljø
" gode samarbeidsevner
" leiarkompetanse og leiarstil som motiverer og skaper oppslutning om mål og retning
" erfaring frå leiing og utvikling av kompetanseorganisasjonar, gjerne pedagogisk verksemd
" personleg egnaheit vil vektleggast

Offentleggjering

Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Bø kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.

Anna

Bø kommune er ei IA-verksemd, og vi er opptekne av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Dei som vert innkalla til intervju må ta med seg CV og rettkjend kopi av vitnemål, attester og autorisasjon.

Særskilte krav

Krav om politiattest.
E-læringskurset "Leiaropplæring i Bø" skal gjennomførast før opstart i stilling.

Vi tilbyr

" sjølvstendig og heilhetleg leiarrolle
" ei spennande leiarstilling i ein aktiv og utviklingsorientert kommune
" meningsfylt arbeidsdag
" spennande leiarutfordring med gode føresetnadar til å utforme morgondagens skule
" eit godt arbeidsmiljø med dyktige og motiverte kollegaer
" satsing på kompetanse og leiarutvikling
" gode forsikrings- og pensjonsordningar
" løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk

Søknad sendast

Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling" på heimesida til Bø kommune.

Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.

 

  • Bedrift
    Bø kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    3800, BØ I TELEMARK
    MIDT-TELEMARK
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Bø i Telemark
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1176032
  • Se her for andre jobber fra Bø kommune
  • Oppdatert 16.01.2019