Detaljer

  • Søknadsfrist
    05.08.2018
  • Bedrift
    Level Personal
  • Sted:
    HAUGESUND
  • Type arbeid:
    REKTOR
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Antall stillinger:
    1
  • Bransje:
    Rekruttering og bemanning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    ROGALAND
  • Arbeidssted:
    Bokn (Rogaland)
  • Land:
    Norge
  • karriere-kode:
    819367

Spørsmål rettes til


REKTOR

INNLEIING
Bokn skule søkjer ny rektor. Vedkommande må vere engasjert og fagleg dyktig, med relevant erfaring frå skulesektoren, og brenna for å skape framtidas skule. Du finn glede i å sjå at medarbeidarar og elevar veks og utviklar seg, er oppteken av positive relasjonar og godt samspill, og har inngåande kunnskap om læring. 

Me kan tilby spanande utfordringar på fleire verkeområde. Som rektor vil du mellom anna samarbeide tett med kommunalsjefen, delta i ulike nettverk og få moglegheit til å medverke på kommunens skulepolitikk. 

Personleg eignaheit og leiarutdanning og/eller leiarerfaring vil vektleggas i utveljinga. 

ARBEIDSOPPGÅVER 

  • Ansvar for drift, personale og administrasjon
  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet
  • Økonomistyring og disponering av ressursar
  • Bidra til positivt læringsmiljø og inspirera til nytenking
  • Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane


ØNSKELEGE KVALIFIKASJONAR 

  • Relevant høgare pedagogisk og fagleg utdanning
  • Erfaring med leiing, eller anna leiarkompetanse
  • Kjennskap til relevant teknologi og IKT som læringsverktøy
  • Framifrå kommunikasjonsferdigheiter og evne til å motivera


PERSONLEGE EINGENSKAPAR 
Vi er på utkikk etter ein person som er strukturert, målretta, sjølvstendig, imøtekommande, samarbeidsvillig, kreativ, fleksibel, og har eit positivt menneskesyn. 

ME TILBYR 

  • Konkurransedyktige føresetnadar
  • Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
  • Stor påverknadskraft og sjølvstendig rolle
  • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling