• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4286753
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rektor - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Det er ledig 100 % fast stilling som rektor ved Kløvheim skule frå 01.02.2022.

Som rektor i Alver kommune har du eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.

Om Kløvheim skule
Kløvheim skule ligg ca 20 minutt frå Knarvik. Det er ein 3-delt skule og har dette skuleåret 29 elevar og 9 tilsette.

Skulen ligg landleg til og har mykje fint natur- og turområde, og store leikeområde for elevane.

Skulen sin visjon er TRYGGLEIK + MEISTRING = TRIVSEL

Satsingsområde ved skulen er lesing, LK20 og elevmedverknad.

Arbeidsoppgåver

Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."

Som rektor skal du også:

  • Vidareføre eit godt samarbeid mellom skule og heim
  • Samarbeide om felles utvikling av skulane i Alver
  • Samarbeide med andre sektorar om eit godt tilbod til elevane

Ein må også rekne med at noko undervisning vert del av stillinga.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
  • Ønskjeleg med rektor /skuleleiarerfaring og skuleleiarutdanning
  • God system- og rolleforståing
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanforståing
  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
  • Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Personlege eigenskapar

Du må kunne byggje tillit og relasjonar til både elevar, tilsette og foreldre.
Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert.

Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.

Vi tilbyr

Eit fagleg dyktig kollegium.
Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
Leiaropplæring
Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4286753
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.01.2022