• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    19.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4655565
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 04.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rektor - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Er du Myking skule sin nye driftige og tydelege rektor?
Myking skule har ledig 100 % fast stilling som rektor frå 01.08.2022 og treng deg som er sjølvstendig og kan ta avgjersler på eigahand, men samstundes gje rom for medverknad.

I Alver kommune har du som rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.

Om Myking skule
Myking skule ligg fint til på Myking i Alver kommune. Skulen er fådelt skule med 66 elevar. Reisetid får kommunesenteret Knarvik er 25 min med bil.

Skulen har fokus på at vi er «saman om skulen» der samarbeid, trivsel og medansvar er viktig. Det er viktig at både vaksne og barn får moglegheit til medverknad.

Tryggleik og meistring for elevane sett vi høgt. Kvar enkelt elev skal bli sett, høyrt og forstått. Vi er ein liten skule og fokuserer på å lage gode opplevingar for elevane med kreativitet og aktivitet. Vi brukar nærområdet vårt aktivt i undervisninga.

Arbeidsoppgåver

Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer." 

Som rektor skal du også:

  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
  • Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
  • Forvaltning og kvalitetsutvikling.
  • Økonomistyring og resultatkontroll.
  • Samspel med elever, foreldre og nærmiljø.
  • Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.

Kvalifikasjonar:

  • Opplæringslovens krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må være oppfylt. 
  • Utdanning i skuleleiing er ønskjeleg.
  • God system- og rolleforståing
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
  • Erfaring som leiar frå skole, fortrinnsvis som rektor.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring fra grunnskolen 
  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
  • Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Administrasjonsspråket i Alver er nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Evne til å være tydeleg og synleg i møte med elever, ansatte og foreldre.
  • Du har gode samarbeidsevner, og er løysningsorientert
  • Evne til å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant annet LK20 og inkluderande skulemiljø.
  • Kunne motivere og inspirere elever og ansatte. Relasjonsbyggjar.
  • Leggje til rette for innovasjon og nyskapning.
  • Personleg eigna vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit kreativt og sosialt miljø/kollegium
  • Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
  • Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
  • Leiaropplæring
  • Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    19.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4655565
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 04.06.2022