• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4628476
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 19.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rektor - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vil du vere med å utvikle ein dysleksivenleg skule?
Meland ungdomsskule har ledig 100 % fast stilling som rektor frå 01.08.2022 og treng deg med på laget!
Leiarteamet består av rektor og 2 inspektørar.

I Alver kommune har du som rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du deltek i fast samarbeid med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.

Om Meland ungdomsskule
Meland ungdomsskule er sentralt plassert i flotte omgjevnader på Frekhaug. Skulen har 35 tilsette og 200 elevar. Reisetid frå Bergen sentrum er 25 min med bil, 45 min med buss og 30-35 min med hurtigbåt.
Tilsette beskriv eit godt arbeidsmiljø og lærarane samarbeider tett om elevane si læring og utvikling.
Skulen har fokus på å fremje elevane si faglege og sosiale utvikling i eit trygt og godt læringsmiljø, der trivsel, motivasjon, fellesskap og læring er framtredane.

Arbeidsoppgåver

Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer." 

Som rektor skal du også:

  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
  • Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
  • Forvaltning og kvalitetsutvikling.
  • Økonomistyring og resultatkontroll.
  • Samspel med elever, foreldre og nærmiljø.
  • Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.

Kvalifikasjonar:

  • Opplæringslovens krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må være oppfylt. 
  • Utdanning i skuleleiing er ønskjeleg.
  • God system- og rolleforståing
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
  • Erfaring som leiar frå skule, fortrinnsvis som rektor.
  • Ønskjeleg med undervisningserfaring fra grunnskolen 
  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
  • Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing

Administrasjonsspråket i Alver er nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Evne til å være tydeleg og synleg i møte med elever, tilsette og foreldre.
  • Du har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
  • Evne til å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant annet LK20 og inkluderande skulemiljø.
  • Kunne motivere og inspirere elever og ansatte som relasjonsbyggjar.
  • Leggje til rette for innovasjon og nyskapning.
  • Personleg eigna vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Eit fagleg dyktig kollegium.
  • Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
  • Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
  • Leiaropplæring
  • Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltreding.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    01.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4628476
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 19.05.2022