• Bedrift
    BKK
  • Søknadsfrist
    31.05.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Nettselskaper (kraftnett)
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5020, BERGEN
    BERGEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2925938
  • Se her for andre jobber fra BKK
  • Oppdatert 15.05.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

BKK

Rekneskapssjef Faktura og betaling

Nettselskaper (kraftnett)

I BKK blir du ein del av eit av Norges leiande kompetansemiljø innan energi og infrastruktur, med 1300 dyktige og inspirerande kollegaer. Verksemda satsar stort på innovasjon og utvikling, og omfattar alt frå produksjon av vasskraft og utvinning av andre fornybare energikjelder, til utbygging og drift av eit framtidsretta fiber-, straum- og fjernvarmenett. Vi leverer heilskaplege kundeløysingar innan energi, telekom og infrastruktur.

Ansvar for faktura, bokføring og betaling for heile BKK-konsernet vert no lagt til Førde, og vi søkjer ein person med erfaring frå rekneskap og interesse for leiing til stilling som

Rekneskapssjef Faktura og betaling  

Vår nye leiar vil ha ansvar for å samordne, motivere og vidareutvikle avdeling Faktura og betaling, som består av fagmiljø både i Førde. Bergen og Kvinnherad. Ei viktig rolle blir å integrere dei tre lokasjonane til ei eining. Stillinga er plassert i Førde, men det er viktig at rekneskapssjefen også er aktiv og tilstades ved dei to andre lokasjonane for avdelinga.

Organisatorisk er stillinga plassert hos Økonomisenteret i BKK AS med rapportering til konsernrekneskapssjef.

No ser vi etter ein dyktig leiar som er nysgjerrig og genuint opptatt av å utvikle tenester for framtida innan fakturabehandling, bokføring og betaling.

Sentrale oppgåver vil elles vere:

  • Utvikle eininga i tråd med utvikling innan dette kompetanseområdet
  • Personalansvar, mål- og resultatansvar

  • Ansvar for avdelinga sitt arbeid med internkontroll i finansiell rapportering

  • Endrings- og forbetringsarbeid med fokus på digitalisering og effektive prosessar

  • Følgje opp lovendringar innan rekneskap, bokføring og MVA

  • Delta og ha ansvar for avdelinga si implementering av verksemdsendringar

Andre rekneskapsrelaterte oppgåver innanfor Økonomisenteret

Vi søkjer deg som har leiarerfaring og fortrinnsvis høgare utdanning på masternivå, gjerne innan rekneskap og revisjon. God kunnskap om gjeldande lovverk innan rekneskap, bokføring og MVA er viktig for å lukkast i stillinga. Du er interessert i digitale løysingar og har ei systematisk tilnærming i forbetringsarbeidet. Du evnar og trivst med å få medarbeidarane til å lukkast gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap. I tillegg trur vi at du vert motivert av utfordrande oppgåver og er kvalitetsbevisst og uthaldande i endringsprosessar.

Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med gode personal- og velferdsordningar. Vi legg til rette for at våre tilsette skal få høve til å utvikle seg, og vi tilbyr internt leiarutviklingsprogram og anna relevant kompetanseheving.

Vi gjer merksam på at vi berre tek imot søknader via vårt elektroniske søknadsskjema.  

 


 

  • Bedrift
    BKK
  • Søknadsfrist
    31.05.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Nettselskaper (kraftnett)
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5020, BERGEN
    BERGEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2925938
  • Se her for andre jobber fra BKK
  • Oppdatert 15.05.2020