• Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Hemsedal
    HEMSEDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3969700
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 12.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Økonomikonsulent/rekneskapsavsvarleg

Offentlige tjenester og forvaltning

Hemsedal er ei fantastisk fjellbygd i Hallingdal, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er i stadig vekst og har ein spennende reiselivsnæring, eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfoldig kulturliv. Vi er omlag 300 tilsette i kommunen. Kommunedirektøren er øvste leiar av administrasjonen, som er organisert med stab, løn- og personal og økonomi.

Hemsedal kommune søkjer økonomikonsulent/rekneskapsansvarleg i 100 % stilling da vår noverande går av med pensjon. Stillinga rapporterer til økonomisjef.

Me ønskjer ein sjølvstendig, strukturert og engasjert person som kan bidra positivt inn i vårt fagmiljø på økonomikontoret – og som rådgjevar i organisasjonen. Du vil òg ta del i eit nettverk og samarbeid med dei andre Hallingdalskommunane.

Hovudarbeidsområde/ansvar

  • Rekneskap frå A til Å for kommunen, tilhøyrande legat og kyrkjerekneskap. Med alt frå fakturabehandling og bilagshåndtering, løpande kontroller og avstemmingar, til perioderekneskap og årsoppgjer.
  • Rapportering av meirverdiavgift og meirverdiavgiftskompensasjon, KOSTRA-rapportering og anna rapportering.
  • Oppfølging av anleggsregister.
  • Støtte og opplæring i rekneskapsfaglege spørsmål og yte bistand i bruk av økonomisystemet ute i einingane. Bidra i budsjettarbeid.
  • Holde seg oppdatert og innarbeide endringar knytt til rekneskapsstandardar og lovverk.

Krav til kompetanse

  • 3-årig utdanning på høgskulenivå innan rekneskap og økonomi er ønskjeleg. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for utdanning på lågare nivå.
  • God IKT forståing og kompetanse for bruk av ulike IKT system. Erfaring med økonomi- og rekneskapssystemet VISMA Enterprise kan vera ein fordel, men er ikkje noko krav.
  • Gode norskkunnskapar og god formidlingsevne både munnleg og skriftleg.

Me ønskjer oss ein medarbeidar med erfaring frå kommunal sektor. Aktuelle kandidatar utan erfaring frå kommunal sektor kan ved behov få tilbod om å gjennomføre høgskulestudie i grunnleggjande og vidaregåande kommunerekneskap.

Personlege eigenskapar

  • Fagleg sterk, nøyaktig og strukturert
  • Ansvarleg og løysingsorientert
  • Arbeider godt så vel åleine som i lag med andre

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • Løn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Naudsynt opplæring og rom for kompetanseutvikling
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Godt og triveleg arbeidsmiljø

Generell informasjon:

  • Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
  • Administrasjonsspråket er nøytralt, men kommunen nyttar nynorsk i overordna plandokument.

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no dersom du ønskjer hjelp i søknadsprosessen. 

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkar her i Hemsedal kommune.

Har du spørsmål om stillinga kan du gjerne ta kontakt med vår økonomisjef Mari Espelin.

 

  • Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Hemsedal
    HEMSEDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3969700
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 12.07.2021