Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Reinhaldar med utvida ansvar - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning

Vi søker etter reinhaldar med ambisjonar.  Ønsker du å få leiarerfaring i rolla som stedfortredande leiar for ein flott gjeng på 29 tilsette?

Vår avdeling har ansvaret for reinhald av alle kommunen sine bygg (skular, barnehagar, kulturhus, idrettshall, svømmebasseng, andre institisjonar og administrasjonsbygg).

Vi gjer ein kjempeinnsats for å ivareta godt smittevern og skapar trygge rammer for Ål sine innbyggjarar i alle aldrar.

 

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene:

  • stedfortreder for avdelingsleiar
  • bestilling og innkjøp av forbruksmateriell
  • arbeidsplanlegging (koordinere og fordele personell til prioriterte bygg og oppgåver kvar veke)
  • utføre reinhald på kommunen sine bygg der det trengs ekstrainnsats pga sjukefråver eller ekstraordinære behov

Vi ønsker at du:

  • har fagbrev reinhald eller erfaring frå reinhaldsfaget
  • er ryddig, fleksibel og positiv
  • har gode datakunnskaper
  • er villig til å trå til der det trengs
  • bidreg til kontinuerleg forbetring

Du har førarkort for bil.

Vi tilbyr:

  • ein jobb med større ansvar
  • varierte oppgåver, både administrative og operative
  • gunstig pensjonsordning
  • deltaking i eit internt program for leiarutvikling
  • eit kompetent og triveleg arbeidsmiljø
  • tilsejting iht. gjeldande lov- og avtaleverk
  • løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar
  • oppstart etter avtale

 

Stilling: 100% fast

Søknadsfrist: 30.08.2021.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsleiar Kristin Romslo Lunden, tlf 97152296.

Du skal ikkje sende inn vitnemål og attestar. Ta med kopiar av desse til eit eventuelt intervju. Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

 

Adresse: Torget 1, 3570 Ål