Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
25.04.2021Ansettelsesform
workTime.KveldBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3714040Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 10.04.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Reinhaldar 60% fast - Reinhald sone sør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Reinhaldstenesta må vere ei dynamisk eining og har som føremål å vere løysingsorientert og kostnadseffektiv i handtering av dei oppgåvene som til ein kvar tid vert lagt til eininga.
Eininga vil leggje vekt på eit trygt arbeidsmiljø og vere utviklingsorientert med tanke på reinhaldsmetodar. Ved å velje smarte løysingar og godt utstyr kan ein gjere tungt arbeid lettare, og ved bruk av meir maskinelt arbeid kan ein redusera kjemikaliebruken og samstundes auke reinhaldskvaliteten.
Eininga vil leggje stor vekt på kompetanseheving, og vil halda fram med å tilby intern opplæring og kurs i reinhaldsoperatørfaget.
Arbeidsoppgåver:
- Dagleg reinhald, manuelt og med maskin
- Periodisk fjerning av støv og flekkar
- Periodisk vedlikehald av golv (reinsing, polering)
- Hovudreingjering
Arbeidstid: Dagleg arbeidstid 4,5 timar/dag, frå 15:00 – 19:30.
Kvalifikasjonar:
- Må ha praksis frå reinhald, det er viktig med god realkompetanse
- Må kunne jobbe etter ein arbeidsplan
Ønskjeleg med:
- Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
- Må kunne snakke, lese og skrive norsk
- Må vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevner
Anna:
Arbeidet i Sundhallen er frå 15:00 – 18:00 og Skogsvåg skule frå 18:00 – 19:30.
Dei to bygga ligg ved sida av kvarandre.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
25.04.2021Ansettelsesform
workTime.KveldBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3714040Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 10.04.2021