Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Reinhaldar

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Eigedomsavdelinga er Hordaland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 600.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 280 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.

Fitjar vgs ligg på Fitjar på øya Stord. Skulen har ca 200 elevar og 35 tilsette. Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Design og handverksfag, Helse- og oppvekstfag og Restaurant- og matfag. Skulen har og Vg3/Vg4 allmennfagleg påbygging. Skulen sin visjon er: "Fitjar vgs skal vera ein god stad å vera og ein god stad å læra". Skulen har eit sterkt fokus på pedagogisk utviklingsarbeid.

Arbeidsoppgåver


Reinhald av skulelokaler både med og utan maskiner
 




Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev i reinhaldsfaget, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle dersom dei har lang erfaring innan faget.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole, må leggje fram politiattest.
Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

 

Personlege eigenskapar
Gode evner til kommunikasjon, vera kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.

Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen

God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy.

Like å jobbe blant ungdom







Vi tilbyr
Spennande oppgåver

Engasjerte og dyktige medarbeidere

Gode moglegheiter for faglig utvikling

Gode pensjonsordningar.

Lønn etter avtale