Bedrift
UtlendingsdirektoratetSøknadsfrist
13.12.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0182, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
3302537Se her for andre jobber fra Utlendingsdirektoratet
- Oppdatert 27.11.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Utlendingsdirektoratet
Regelverksformidling i Regelverkseininga
Offentlig forvaltning
Er du jurist og ønsker å jobbe med regelverk og formidling i eit spennande miljø? Regelverkseininga i Analyse- og utviklingsavdelinga har to vikariat i redaksjonen knytt til arbeidet med UDI-Regelverk. Det er ønskeleg med snarleg tiltredelse.
Regelverkseininga ligg i Analyse- og utviklingsavdelinga i Utlendingsdirektoratet. Avdelinga har ei rekke oppgåver i direktoratet. I tillegg til arbeid med regelverksformidling og koordinering av regelverksutvikling har avdelinga ansvar for budsjett, økonomi, innkjøp og verksemdsstyring, internasjonalt samarbeid, statistikk og analyse. Avdelinga har omkring 70 medarbeidarar fordelte på seks einingar. Avdelinga samarbeider med andre fagmiljø i direktoratet, og har mykje kontakt med eksterne samarbeidspartar og departement.
Regelverkseininga har ansvar for å samordne UDIs strategiske arbeid med regelverket. Dette inneberer til dømes å bidra til at UDI spiller ei aktiv rolle som leverandør av innspel til utviklinga av lover, forskrifter og instruksar, vurdere konsekvensane av forslag til endringar i praksis- eller regelverk, samordne UDIs vurderingar og gi høyringsinnspel samt evaluere konsekvensane av endringar i regelverk. I tillegg skal vi bidra til å kvalitetssikre det juridiske arbeidet i UDI, slik at regelverket blir praktisert likt og i samsvar med de overordna føringane.
Regelverkseininga har vidare eit særleg ansvar for å formidle informasjon om regelverk og praksis på utlendings-, statsborgar-, og mottaksfeltet gjennom ein regelverksportal, UDIregelverk.no. Dette arbeidet ligg til redaksjonen i Regelverkseininga. Redaksjonen har tre medarbeidarar. Hovudoppgåver er:
- å formidle korrekt og brukarvenleg informasjon om regelverk og praksis på utlendings-, statsborgar-, og mottaksfeltet gjennom regelverksportalen.
- å være ein pådrivar i arbeidet med å oppdatere UDIs retningslinjer når rettskjeldebiletet på utlendingsfeltet endrast.
- å sikre at UDIs retningslinjer er brukarvennlege, tilgjengelege og i tråd med vår språkprofil.
- følgje med på og ha ei heilskapleg tilnærming til rettstilstanden på utlendings-, statsborgar- og mottaksfeltet
- initiere og publisere oppdatering av rettsinformasjon, rettskjelder, aktuelle dommar med vidare
sikre rett forankring av UDI sin praksis ved endringar i retningslinjene - bidra til at UDI er ein open verksemd, ved å sørge for at vår praksis er offentleg tilgjengeleg
bidra til forbetringsarbeid
- juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god teknisk forståing
- kunnskap/erfaring frå utlendingsforvaltinga
- erfaring med publiseringsverktøy er ønskeleg
- kjennskap til UDIRegelverk og saksbehandling av utlendingssaker er ønskeleg
- du må vere effektiv, strukturert og nøyaktig
- du tar initiativ til forbetringar og er nysgjerrig på digitale utvikling
- du er fleksibel og kan handtere varierande arbeidspress og skiftande prioriteringar
- du er omgjengeleg og samarbeider godt med andre
- ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
- fleksibel arbeidstid og sommartid.
- stillinga blir lønna som rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspennet 474 500 – 555 800 brutto pr. år.To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.
Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021.
I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.
Bedrift
UtlendingsdirektoratetSøknadsfrist
13.12.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0182, OSLO
OSLO
Antall stillinger
1karriere-kode
3302537Se her for andre jobber fra Utlendingsdirektoratet
- Oppdatert 27.11.2020