• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3170786
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 21.09.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Rådmann/kommunedirektør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger kommune søkjer fast rådmann/kommunedirektør.

Rådmannen/kommunedirektøren er kommunen sin øvste administrative leiar, og er gjennom dette leiar for heile den kommunale administrasjonen. Rådmannen/kommunedirektøren er òg bindeleddet mellom administrativt og politisk nivå i kommunen.  

Me søkjer etter ein resultatorientert og inkluderande person med brei leiarerfaring frå offentleg verksemd eller anna relevant erfaring.

Viktige eigenskapar vil mellom anna vera:

  • God kjennskap til kommunale tenester
  • Ei heilskapleg forståing av kommunal forvaltning og politiske prosessar, og kunnskap om rollefordelinga mellom politisk nivå og administrasjon
  • Kunnskap om og forståing av relevant lov- og avtaleverk
  • Kunnskap om økonomiplan-/budsjettarbeid
  • Evne til å motivera medarbeidarar
  • Gode samarbeidsevner både internt i kommunen og med eksterne samarbeidspartnarar/etatar

Sentrale oppgåver vil mellom anna vera:

  • Vera leiar for den samla kommunale administrasjonen
  • Leggja til rette for gode og effektive tenester, i nært samarbeid med kommunen si politiske leiing
  • Vera pådrivar for utvikling av kommunen
  • Sørga for gode saksutgreiingar og forsvarleg sakshandsaming
  • Sjå til at vedtak vert sette i verk
  • Sjå til at kommunen vert driven i samsvar med lover ect., og er gjenstand for trygg kontroll
  • Sjå til at leiarane på alle nivå i kommunen fører god arbeidsgjevarpolitikk og samarbeidar godt med dei tilsette sine representantar
  • Leggja til rette for god økonomistyring i kommunen


Me tilbyr:

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling, der du saman med dei folkevalde og medarbeidarane får den mest sentrale rolla i den vidare utviklinga av kommunen
  • Lønn og andre arbeidsvilkår etter avtale
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Kommunen sitt administrasjonsmål er nynorsk.

Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.

 

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3170786
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 21.09.2020