• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    15.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4173759
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 28.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Rådgjevar ved PPT for Ål og Hol

Offentlige tjenester og forvaltning

Det er ledig 100 % mellombels stilling som rådgjevar i inntil eitt år. Det er ønskeleg med tilsetting så raskt som råd og det vil vere høve for vidare engasjement etter dette.

• Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?
• Likar du å engasjere deg i faglege og pedagogiske spørsmål om læring og utvikling?
• Ønsker du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?

Då ønsker vi deg velkomen til vårt team! Vi søker ein fagleg dyktig og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle PP-tenesta for Ål og Hol. Vi legg til rette for kurs og etterutdanning.

PP-tenesta er ei interkommunal teneste for skulane og barnehagane i Ål og Hol, med kontorlokale i Ål sentrum. Tenesta består av 7,5 stillingar, samt 2 stillingar som logoped/audiopedagog i tenesta. Alle i tenesta jobbar i team. Vi har høg faglegheit og eit godt samarbeid med skulane og barnehagane. Kvar einaste dag gjer våre medarbeidarar i barnehage og skule ein stor innsats for å hjelpe våre barn til å nå sine draumar og mål. Pedagogisk Psykologisk teneste er ein viktig del av laget rundt barnet og eleven.

Kommunane Ål og Hol er kjent for eit rikt kultur- og friluftsliv. I begge kommunane er det eit mangfald av idrett- og aktivitetstilbod for alle. Begge kommunane er også turistkommunar, med Geilo som ein kjent vinterdestinasjon. Ål er sentrum for kulturlivet i Hallingdal og er i 2021 kåra til «Årets kulturkommune».

Arbeidsoppgåver
• Systemretta arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling
• Arbeid med utgreiingar og sakkunnige uttalar
• Tverrfagleg samarbeid
• Deltaking i utviklingsarbeid

Alle skulane og barnehagane har faste primærkontaktar. Gjennom primærkontaktarbeidet er PPT for Ål og Hol tett og tidleg på. Vi deltek saman med skule og barnhage i kommunale satsingsområder. PPT har fokus på førebyggande arbeidet og hjelpe barn og foreldre slik at dei opplever mestring i eigne liv.

Kvalifikasjonar
Vi søker etter:
• Mastergrad i pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller embetsstudie i pedagogikk eller psykologi
• Andre relevante utdanningar på masternivå kan vurderast
• Utgreiing- og testkompetanse
• Ønske om erfaring frå utredningsarbeid frå t.d. PPT eller BUP

Personlege eigenskapar
Det blir forventa at du:
• Har god munntleg og skriftleg framstillingsevne
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Er engasjert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
• Kan jobbe sjølvstendig og i team
• Viser engasjement og er nysgjerrig
• Er motivert for å utvikle og dele kompetanse
• Har etisk og høg fagleg standard i arbeidet
• Bidreg til eit godt fagleg og sosialt fellesskap

Vi tilbyr
• Inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
• Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
• Fast lønnstillegg, rettleiartillegg
• Fast utgiftsdekning for bruk av eigen bil i tenesta
• Kommunal fadderordning
• Hjelp til å skaffe bustad
• Pensjonsordning i KLP

Vilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Du må stille eigen bil til disposisjon.

Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa som du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og tenesteattestar.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

Oppvekstsektoren i Ål

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større
skular og barnehagar Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Kommunen
har innført iPad/PC til kvar elev og lærar og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil
"Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i
oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer
kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre.

I 2019 og 2020 er Ål rangert blant dei ti beste i kåringa til UNICEF om oppvekstvilkår for barn. 
Me trenger deg for å bli endå betre!

Sjå www.aal.kommune.no for meir informasjon om sektoren og avdelingane våre.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    15.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4173759
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 28.10.2021