Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Rådgjevar/jurist

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Det er ledig ei fast stilling rådgjevar/jurist i politisk sekretariat. Politisk sekretariat har det administrative ansvaret for gjennomføring av møte i dei folkevalde organ i Vestland fylkeskommune. Som rådgjevar vil du få varierte og utfordrande oppgåver og ansvar på ein spanande arbeidsplass, i eit godt fagleg miljø.

Arbeidsoppgåver
  • Du vil arbeide som møtesekretær for eit eller fleire politiske utval og medverknadsorgan
  • Juridisk rådgjeving, utgreiing og rettleiing
  • Delta i førebuing og gjennomføring av kommune – og fylkestingsval, samt stortingsval
  • Du vil ha saksbehandling i samsvar med nærare definert arbeidsområde
  • Du vil få bidra med ytterlegare utvikling og betring av prosessar opp mot avdelingane i fylkeskommunen, og opp mot politisk leiing
  • Du vil delta i dei øvrige oppgåvene i seksjonen ved behov
Kvalifikasjonar
  • Du må vere cand.jur eller ha master i rettsvitenskap.
  • Vi føreset minimum eit års relevant arbeidserfaring
  • Det er nødvendig med god kjennskap til IKT som arbeidsreiskap
Personlege eigenskapar
Du må ha gode kontaktskapande eigenskapar og evne til å byggje nettverk, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

Faglege utfordringar og eit utviklande arbeidsmiljø som byggjer på våre verdiar:

"open, kompetent og modig"

  • Gode offentlege tenestepensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn etter avtale

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk 
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte
    offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil
    alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader