• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3803082
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 06.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rådgjevar jordbruk i 100 % vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

 Alver kommune ved avdeling for landbruk har ledig eit års vikariat som rådgjevar innan jordbruk.  

Om landbruksavdelinga

Avdeling for landbruk har som mål å bidra til eit godt og robust landbruksmiljø i regionen. God forvaltning og fokus på innovasjon og utvikling av landbruksnæringa er viktige satsingsområder.Landbruk er ei av fire avdelingar under tenesteområdet Arealforvaltning i Alver kommune. Avdelinga har eit tett tverrfagleg samarbeid med dei tre andre avdelingane; plan og byggesak, kart og oppmåling, miljø og tilsyn, og med andre sektorar i kommunen. Avdeling for landbruk samarbeid og utførar arbeidsoppgåver for Austrheim kommune, Fedje kommune og Modalen kommune. Landbruksavdelinga har ein avdelingsleiar og 5 rådgjevarar. Kontorstad i Alver kommune vert på kommunehuset på Frekhaug. Vi har kontordagar på kommunehuset på Manger og i samarbeidskommunane våre.

Alver er  ein av dei største jord- og skogkommunane i Vestland fylke.  Hovedproduksjonar er mjølkeproduksjon, ammeku og sauehald. Viktige fokusområde er klimatilpassing , grovforproduksjon,  biologisk mangfald,  kulturlandskapsskjøtsel og anna næringsutvikling i landbruket.  Alver kommune opplever eit generasjonsskifte i landbruksnæringa, og informasjon og oppfølging av nye bønder er viktig. Alver og samarbeidskommunane har kring 2400 landbrukseigedomar med eit produktivt  jordbruksareal på om lag 80 000  daa.  Det er om lag 500 aktive bønder på små og store gardsbruk. Mange bønder driv med ulike bygdenæringar på garden.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer deg som har kompetanse, erfaring og interesse for forvaltning og utvikling av ei framtidsretta landbruksnæring. Stillinga vil gje deg høve til å vera med og utvikla jordbruket  i Alver og samarbeidskommunar. Stillinga er sjølvstendig og du vil kunne påverke eigen arbeidskvardag. Stillinga omfattar fokus på både næringsutvikling og forvaltning. Kompetanseoppbygging og rettleiing av gardbrukarar er ein viktig del av arbeidsoppgåvene.

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er i hovudsak

  • Forvaltningsoppgåver innan landbruk t.d tilskotsordningar som SMIL (spesielle miljøtiltak i landbruket) RMP ( regionalt miljøprogram)
  • Kulturlandskapsskjøtsel, biologisk mangfald, grovforproduksjon, agronomi,  landbruksureining, økologisk landbru
  • Klimagassutslepp frå landbruket
  •  Næringsutvikling – særleg fokus på lokalmatproduksjon og andre tilleggsnæringar
  • Formidling – presentasjonar, kurs, temakveldar, sosiale media
  • Prosjektarbeid

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Fagfeltet vert delt med kollegaer ved kontoret.

 Kompetanse

 Vi søkjer deg som har:

  •  Relevant utdanning innan jordbruk,  minimum bachelornivå.
  • Relevant erfaring innanfor rådgjeving eller forvaltning i  jordbruket 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

 Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav. Naudsynt opplæring vil verta gitt

Ønskt kompetanse

 Vi søkjer deg som:

  • Har interesse og engasjement innanfor fagområdet
  • Har gode samarbeidsevner
  • Tar ansvar og kan jobbe sjølvstendig
  • Er løysingsorientert og fleksibel
  • Har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
  • Trivst i kontakt med ulike partar, grunneigarar og aktørar

Vi tilbyr

  • Variasjon i arbeidsoppgåver.
  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer.
  • Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring.
  • God pensjonsordning.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Frekhaug
    ALVER
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3803082
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 06.05.2021