Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rådgjevar/ingeniør/yrkeshygienikar innan miljøretta helsevern

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

I stab under kommunalsjef søkjer vi ein dyktig medarbeidar til 100% stilling  som rådgjevar/ingeniør/yrkeshygienikar innan miljøretta helsevern.

Miljøretta helsevern Indre Sogn vart i 2004 oppretta som eit interkommunalt samarbeid mellom 8 kommunar i Indre Sogn. Sogndal kommune er vertskommune, medan tilsett i denne stillinga fungerer som sakshandsamar for ein kommunelege i kvar medlemskommune.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i denne stillinga skal bistå kommuneoverlegen og utføre oppgåver som ligg til miljøretta helsevern. Miljøretta helsevern utøver myndigheit innanfor folkehelselova, tobakksskadelova og strålevernlova. Vi har eit stort fagfelt, blant anna støy, forureining, radon, hygiene, inneklima, tilsyn med ulike verksemder som f.eks. skular, barnehagar, symjebasseng, tatoveringsstudio og solarier. Oppgåvene som ligg til miljøretta helsevern inneber sakshandsaming, rettleiing, rådgjevings-, godkjennings- og tilsynsansvar ovanfor verksemder, eigedommar og på område kvar forskriftskrav og/eller retningslinjer innanfor miljøretta helsevern skal etterlevast.

Kvalifikasjonar:

Utdanning på mastergradsnivå er å føretrekke. Utdanninga må være relevant for oppgåver innan miljøretta helsevern. Eksempel på utdanning som kan være relevant er ingeniørutdanning, juridisk utdanning, helseutdanning.

Relevant erfaring med arbeid innanfor miljøretta helsevern eller arbeid med internkontrollsystem, systemrevisjon/tilsyn, risikovurdering, ytre miljø, HMS eller yrkeshygiene er ein fordel.

Kunnskap om sakshandsaming, forvaltningslov og anna regelverk som ligg til grunn for korrekt sakshandsaming.

Stillingsinnehavar må ha god lov- og rolleforståing, og forstå balansen mellom service og myndigheitsutøving.

Må kunne uttrykke seg godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

Må være fleksibel og kunne prioritere.

Ha førarkort og disponere bil, da reiseverksemd innad i regionen må påreknast.

Me tilbyr:

Spanande og varierte arbeidsoppgåver, pensjonsordning i KLP og fleksitid

Stillingskode og løn vert fastsett på grunnlag av utdanning, lønsansiennitet og intern lønsstruktur. Lønsansiennitet vert fastsett ut frå vitnemål og attestar, som skal leverast ved jobbintervju.

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

 

Kontaktperson for stillinga er:

Åslaug Brænde, kommunalsjef helse og omsorg, tlf 90843645, aslaug.brende@sogndal.kommune.no

Leiv Erik Husabø, kommuneoverlege, tlf 57 65 56 66, Leiv.erik.husabo@leikanger.kommune.no