Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Rådgjevar/ingeniør med interesse for FDV og prosjektstyring

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ser no etter ein ny kollega ved teknisk kontor som vil få overordna ansvar for kommunen sine bygg og andre eigedommar. Vår nye medarbeidar har erfaring frå liknande arbeid, og i tillegg god fagleg kompetanse på området. 

I kommunal bygg- og eigedomsforvaltning skal ein handtere store verdiar, og som tilsett hos oss vil du bli involvert både i planarbeid og i ulike samarbeidsfora internt. Prosjektleiing vil i tillegg til forvaltning og drift utgjere ein viktig del av stillinga, og det er ønskjeleg med erfaring frå prosjektstyring.

Vi skal innføre nytt digitalt forvaltningssystem for bygga og eigedommane våre i tida som kjem, og har fokus på kontinuerlig forbetring av arbeidsprosessane våre. Vi håper difor du trivst godt med utvikling og digitalisering som ein del av kvardagen. 

I avdelinga vil du jobbe blant mange dyktige kollegaer, og vi ser fram til å få ny kompetanse på plass for å løyse dei viktige oppgåvene våre. Om du finn stillinga interessant så håper vi du tek kontakt med oss viss du har spørsmål, og at du sender oss ein søknad innan 19. april.  

Arbeidsoppgåver

  • Forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sine bygg og eigedommar
  • Ansvar for innføring og drift av nytt digitalt forvaltningsystem (FDV-system)
  • Prosjektleiing i kommunale investeringsprosjekt knytt til bygg og eigedom
  • Kjøp og sal av eigedom og tomter
  • Andre oppgåver i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på fagskule- eller høgskulenivå
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og eigedom
  • Kompetanse på prosjektleiing
  • God økonomisk forståing

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Målretta
  • Løysingsorientert
  • God på samarbeid

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.