• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    24.01.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3369409
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 12.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rådgjevar i 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga 

Vi er på jakt etter ein dyktig rådgjevar som er motiverande og finn gode løysingar til det beste for arbeidssøkjarane våre. Du som søkjer denne jobben må like å arbeide med menneske som treng informasjon, rettleiing og oppfølging over kort og lang tid. Stillinga tilhøyrer avdelinga Arbeidsliv som gir oppfølging til arbeidssøkjarar over 30 år busett i Alver kommune. Bredden på oppfølgingsarbeidet i denne avdelinga er stor med alle dei statlege ytingane og kvalifiseringsprogrammet for brukarar med alle innsatsbehov. 

I denne stillinga vil oppfølginga først og fremst dreie seg om dei arbeidssøkjarane med tilpassa innsatsbehov. Oppstart er snarast og det er snakk om eit årsvikariat med moglegheit for forlengelse. 

Om NAV

I NAV jobbar vi for at menneske skal få høve til arbeid/aktivitet. Nav sitt mål er å gje folk moglegheiter for arbeid og meiningsfylt aktivitet. NAV Alver er ein lærande organisasjon i stadig utvikling. Vi har stort fokus på inkluderingsarbeid, marknadsarbeid, relasjons- og kommunikasjonsarbeid. Avdelinga er delt inn i fleire team som i tillegg til å ha sitt fagområde også har eit tett samarbeid med kvarandre. 

Arbeidsoppgåver 

  • Behovsavklaring og individuell oppfølging av arbeidssøkjar med fokus på utdanning, arbeid, aktivitet, meistring og sjølvstende 
  • Utstrakt arbeidsmarknadskontakt
  • Understøtta dialog og prosess mellom arbeidsgjevar/samarbeidspartar og brukar
  • Saksbehandling etter gjeldande regelverk i NAV 
  • Samarbeid med andre statlege og kommunale einingar, frivillige organisasjonar, private, lokalt næringsliv med fleire
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillingane etter behovet på kontoret

Kvalifikasjonar 

Du må ha: 

  • Relevant utdanning frå høgskule- og universitetsnivå (mastergrad) innan helsefag, sosialfagleg eller samfunnfagleg. Lang og relevant arbeidserfaring kan i enkelte tilfeller kompensere for utdanningskravet
  • God IKT kompetanse, samt skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Erfaring frå endrings- og motivasjonsarbeid med gode resultat 
  • God marknadskunnskap 
  • Gode norskkunnskapar, både munleg og skriftleg 

Vi ønsker at du har 

  • God erfaring med heilskapleg oppfølging. 
  • Har kunnskap om offentleg forvaltning og NAV sine tenester   
  • Arbeidserfaring frå Nav  
  • Førarkort klasse B

Personlige egenskaper 

Vi legg vekt på følgjande:

  • God på motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad 
  • God relasjons- og kommunikasjonskompetanse 
  • God lokal arbeidsmarknadskunnskap 
  • Tydeleg, løysingsorientert og har gode samhandlingsevner 
  • Målretta og arbeider systematisk 
  • Stor arbeidskapasitet, både sjølvstendig og i team 
  • Tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret 
  • Positiv og har godt humør 

Vi tilbyr 

  • Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar 
  • Ein spanande og utfordrande jobb 
  • Gode høve for personleg utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Konkurransedyktig løn etter avtale 
  • Gode pensjonsordningar (frå løna blir det trekt 2%) 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    24.01.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3369409
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 12.01.2021