Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.04.2021Stillingsfunksjon
Rådgiver/faglærerAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norskAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3669019Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 26.03.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Rådgjevar/faglærar ved Ål ungdomsskule
Offentlige tjenester og forvaltning
Ål ungdomsskule ligg i sentrum av Ål og samlar alle elevane i kommunen når dei skal starte på ungdomsskulen. I år er det om lag 200 elevar og 40 tilsette ved skulen. Det er tredeling på kvart av dei tre trinna. Skulemiljøet er positivt med høg trivsel blant både tilsette og elevar. Oppvekstsektoren i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing der elevane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC. Alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi og framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap.
Også i år er Ål rangert blant dei ti beste i kåringa til UNICEF om oppvekstvilkår for barn - i 2020 som ein av dei seks beste kommunane i landet. Me trenger deg for å bli endå betre.
Rådgjevar/faglærar ved Ål ungdomsskule frå 01.08.2021
Ynskjer du nye utfordringar? Me har ledig lærarstilling kombinert med rådgjevar/sosiallærarfunksjon.
Me søker
Det er ledig inntil 100 % fast stilling som faglærar i kombinasjon med rådgjevar/sosiallærarfunksjon frå 01.08.2021. Funksjonen utgjer 50 % stilling.
Utdannings- og yrkesrådgjeving inneber blant anna å gje elevane rådgjeving og rettleiing om val av utdanning og yrke, arbeidsmarknaden nasjonalt og internasjonalt og å bruke ulike rådgjevingsverktøy.
Sosialpedagogisk rådgjeving skal hjelpe den einskilde elev til å finne seg til rette i opplæringa. Den skal hjelpe elevane med personlege, sosiale og emosjonelle problem som kan ha betydning for elevane si opplæring og sosiale tilhøve på skulen.
For meir informasjon om Ål ungdomsskule, sjå www.aal.kommune.no
Kvalifikasjonar
- ynskjeleg med erfaring frå rådgjeving, rettleiing og oppfølging av elevar
- godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse på ungdomsskulenivå
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Ål kommune nyttar nynorsk skriftspråk
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me ynskjer at du:
- har evne til å byggje gode relasjonar til både elevar, føresette og kollegaer
- kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- tek ansvar og arbeider sjølvstendig, men også teamorientert
- har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
- ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
Me tilbyr
Lærerike og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar og godt elev- og arbeidsmiljø. Ål-skulen driv kompetanseheving og utvikling gjennom arbeid i nettverk internt, på tvers av skular i Ål og regionalt rådgjevarnettverk i Hallingdal.
Lønsvilkår
Lønn etter avtale. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i SPK. Tilsetting i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Politiattest
Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Anne Marie Stokkedal, rektor Ål ungdomsskule
32085431
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.04.2021Stillingsfunksjon
Rådgiver/faglærerAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norskAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3669019Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 26.03.2021